Blix-pris til Troms-poet

Blix-prisen for år 2006 er tildelt Irene Larsen.
Last inn siden på nyttSaken oppdateres...

Språk, menneske, livskår i Nord-Norge er ein finstemt klangbotn i alt Irene Larsen skriv.

Dette skriver Samlaget om dikteren fra Troms.

Larsen er født på Skjervøy i 1964. Hun er bosatt i Ersfjordbotn på Kvaløya vest for Tromsø. Hun jobber til daglig som lærer på Kvaløya.



Juryen grunngir tildelinga av prisen slik:

Irene Larsen debuterte i 2005 med diktsamlinga Anemonepust, som krinsar om kropp, språk, seksualitet, landskap, i veksling mellom korte haikuaktige dikt og lengre prosalyrikk. Dikta blir til i spennet mellom det høgstemte og det kvardagslege, mellom hardt og mjukt, mørkt og lyst.

Irene Larsen prøver ut grensene for språket og sjokkbehandlar lesaren med nye ord og plutselege vendingar der kvardagshendingar avslører brå djup og mange botnar.

Diktsamlinga er komponert rundt fire hovudtitlar i eit komplisert mønster som er vanskeleg å halde fast i eit enkelt skjema. Menneskekroppen er den sentrale arenaen, ofte skildra i mikroperspektiv med skarp anatomisk presisjon.

Samlinga utforskar forholdet mellom kropp og språk, som samtidig blir ei utforsking av samanhengen mellom bilete og ting. Den nyskapande og overraskande biletbruken forvandlar kvardagsobservasjonane til allmenngyldige situasjonar som peikar ut over seg sjølv. Dikta viser oss samanhengar som vi både kjenner igjen og aldri har visst om.

Språk, menneske, livskår i Nord-Norge er ein finstemt klangbotn i alt Irene Larsen skriv.

Ho har ei spesiell evne til å konkretisere opplevingar og livserfaring i eit fortetta poetisk uttrykk.

Irene Larsen er fødd 1964 i Skjervøy, er busett i Ersfjordbotn og arbeider som lærar på Kvaløya.

Ho svarer dårleg til myten om den einsame poeten som dyrkar skrivinga i løyndom, samlar dikt i skuffa og så debuterer når skuffa plutseleg er full. Kanskje har ho snarare funne særpreget sitt gjennom utprøving av tekstar saman med andre. Ho er ein del av poesikollektivet Jernbanepoetane, seks kvinner som bruker kafeen Jernbanestasjonen i Tromsø som møteplass.

Diktskrivinga starta ho i eit anna skriveforum, Diktkammeret i Dagbladet , der ho framleis publiserer tekstar og fire gonger har vore kåra til månadens poet.

Minneprisen etter Emma og Elias Blix blir kvart år gitt til ein nordnorsk forfattar som skriv nynorsk eller nordnorsk dialekt. Prisen blir delt ut av litteraturselskapet Det Norske Samlaget, og statuttane seier at det skal leggjast vekt på å heidre yngre forfattarar og forfattarar som skriv for ungdom. I juryen sit Bjørn Andor Drage, Ragnfrid Trohaug og Svenn Fosseng.

Prisutdelinga skjer på Sør-Varanger bibliotek under den nordnorske bokdagen 17. november, melder Samlaget i dag.

PS: Irene Larsen deltok også under den poetiske raptusen som Festspillene i Nord-Norge hadde på studentkroa sist sommer. Sammen med blant annet den noe mer profilerte Hanne Ørstavik.



(nettdesk@htgm.no)

(itromso.no)(ht.no)(folkebladet.no)(finord.no)

Lik itromso.no på Facebook:



iTromsø ønsker en åpen og saklig debatt. Vi fjerner fortløpende innlegg som er rasistiske, sjikanøse eller strider mot etikk eller lovverk. Vi oppfordrer alle til å være saklig og vise respekt for andres meninger, og forbeholder oss retten til å utestenge brukere som ikke overholder våre retningslinjer i kommentarfeltet.

Mer å lese på iTromsø: