Om regjeringa får det som ho vil, vedtek Stortinget ein halvferdig langtidsplan. Investeringsplanen for Hæren og Heimevernet blir utsett gjennom ei eiga «landmaktutgreiing». Dette vil raskt gjere Hæren og Heimvernet til salderingspost i forsvarsbudsjettet.

Hæren er i dag underfinansiert. Hæren manglar både luftvern og fungerande stridsvogner og artilleri.

Det betyr i praksis at hærstyrkane våre er forsvarslause mot utanlandske fly, og at deira kampkraft er tydeleg svekka. At hæren treng opprusting er det ikkje tvil om. Ei rekkje utgreiingar slår dette fast.

Seinast i årets forsvarsbudsjett lova regjeringa at «tunge, nye materiellprosjekter som oppgradering av stridsvogner og kampluftvern setjast nå i gang».

Regjeringa har ikkje følgd opp det dei lova Stortinget så seint som i fjor. Kva ventar dei på?

Sjølv om investeringar i forsvarsteknologi er viktig, er det både historielaust og naivt å tru at ein kan byte ut folk med teknologi. Ingen krigar er vunne utan menn og kvinner på bakken.

Noreg må ikkje stille seg i ein situasjon der me har svekka den forsvarsgreina der det tek lengst tid å få alliert støtte, landmakta, medan me einsidig byggjer opp den forsvarsgreina allierte raskare kan kome fram med støtte, luftmakta.

Hæren må til ei kvar tid utgjere kjernen i det territoriale forsvaret av Noreg. Luft og sjømakt må støtte opp om Hæren sine operasjonar.

John Olav Egeland har samanfatta problema med langtidsplanen på ein treffande måte: «Skal Norge bestå som ein uavhengig nasjonalstat, er det berre norske soldatar som til sjuande og sist kan vere kjernen i eit militært forsvar.»

Eit forsøk på å erstatte menn og kvinner med fly vil gjere Noreg i stand til å lage store krater per forsvarskrone. Men det medfører også at me set inn det meste av investeringane i den forsvarsgreina.

Det vil likevel ikkje gjere Forsvaret i stand til å trygge Noreg mot dei mange ulike trugsmåla me kan møte.

Regjeringa peikar sjølv i langtidsplanen på mange ulike trugsmål og oppgåver Noreg står ovanfor: Hybridkrigføring, press mot vår suverenitet over norske naturresursar eller omfattande og koordinert terror.

Felles for alle desse trugsmåla er at om dei vert store nok treng me menn og kvinner med forsvarskompetanse, både til lands og til sjøs.

Då er det ein dårleg idé å leggje ned Kystjegerkommandoen og Sjøheimevernet og å redusere Heimevernet og svekke Hæren.

Som Harstad sin ordførar sa så klart til Utanriks- og forsvarskomiteen under høyringa til langtidsplanen: Vil de ta ansvaret for å bombe Alta frå lufta?