Norske politikarar har sett seg som mål å redusere dei norske klimagassutsleppa, men dei aukar likevel. Den største årsaka er den kraftige veksten i utslepp frå olje- og gassutvinning, som har auka med over 80 prosent sidan 1990. Oljeindustrien står i dag for over ein fjerdedel av dei norske klimagassutsleppa.

Årsaka til at oljeindustrien er Norges største forureinar er den store menga fossil gass som blir brukt til energiproduksjon. Nå planlegg Statoil nok ei klimabombe. 13. september presenterte selskapet utbyggingsplanane for Johan Castberg-feltet i Barentshavet, og kunngjorde at dei droppar alle planar om å elektrifisere feltet med straum frå land.

Når Statoil nå droppar elektrifisering vil Johan Castberg-feltet auke dei norske utsleppa med 270 000 ekstra tonn CO₂ årleg, like mykje som 120.000 bilar. Feltet vil åleine stå for 2 prosent av utsleppa frå norsk oljeindustri. Johan Castberg skal vere i drift i over 30 år, og vil dermed stå og spy ut CO₂ i lang tid framover.

I tillegg til å motverke innsatsen for å kutte norske klimagassutslepp, vil olja som blir vunne ut på feltet føre til store utslepp ved forbrenning. Statoil anslår at det kan ligge over 600 millionar fat olje på Johan Castberg-feltet. Dersom alt dette blir brent vil det føre til eit utslepp på 250 millionar tonn CO₂. Det svarar til utsleppa til alle bilar i Norge i over 50 år!

Norge underskreiv i år ein global klimaavtale som 195 land inngjekk på fjorårets klimatoppmøte i Paris. Når me held fram med forureinande oljeprosjekt som Johan Castberg har me ikkje noka truverdigheit når me seier me vil stanse klimaendringane.

Statoil hevdar det ikkje er lønsamt å bygge ut Johan Castberg-feltet med straum frå land. Dette er eit argument dei tidlegare har brukt for å droppe ilandføring av olja på Nordkapp, som ville gitt den lokale verdiskapinga dei heile tida har brukt som brekkstong for å få sleppe til i Barentshavet. Når Statoil skal spare pengar kuttar dei elektrifisering og lokale arbeidsplassar. Det einaste dei ikkje vil kutte er norske klimagassutslepp.

Norske politikarar er nøydd til å ta ansvar og stanse Statoils planar om nok ei klimabombe i Barentshavet. Klimaendringane er farlege, urettferdige og allereie i gang og me kan ikkje fortsette å la oljeindustrien sluntre unna dugnaden for å kutte klimagassutslepp.