Så har Regjeringa, Venstre og Kristeleg Folkeparti gått inn for ei tvangssamanslåing av Finnmark og Troms, i suveren forakt for folkemeininga i dei to fylka og vedtak i Finnmarks fylkesting. Denne gangen har også regjeringa foreslått å dele Nord-Norge i to. Nordland får bestå mens Finnmark blir avvikla som eige fylke.

Folket i det arealmessig største og klimatisk mest utsatte området i Norge skal etter regjeringa si oppfatting bli fratatt si folkevalde forsamling, sin fylkeshovudstad og sine talspersonar.

Sjølsagt er det fristande å juble over den forstørrelsen som Høgre, Frp, Venstre og KrF no vil tildele Troms og Tromsø-miljøet. Men i folketal er Troms dobbelt så stort som Finnmark, og det betyr i maktsamanheng at folk i Finnmark kan bli fratatt all regional innflytelse – uansett om namnet blir Finnmark, Nord-Norge eller Nord-Hålogaland.

Fristelsen til å støtte samanslåinga er det all grunn til å avstå frå. Finnmarkingane kjem til å kjempe imot tvangsdiktatet. Finnmark bør ikkje stå aleine i denne kampen, men oppleve støtte frå heile resten av Nord-Norge.

Nordland sitt standpunkt er blitt respektert av Regjeringa, det fylket får behalde si folkevalde styring. Ei samanslåing av Troms og Finnmark vil på ingen måte innskrenke folk i Troms sin innflytelse, men akkurat Finnmark si befolkning har grunn til å føle seg nedvurdert og trakka på.

Slik bør vi ikkje ha det, og heldigvis går det mot Stortingsval, med mulighet til å seie i frå og endre den overkøyringa av Finnmark som vi er vitne til. Det kan vere lurt å tenke over korleis samarbeidsforholda i Nord-Norge skal vere i åra som kjem. Dersom folk i Finnmark no opplever å bli «dolka i ryggen» av sine naboar i Troms, vil det vere øydeleggande for den tilliten som skal til for å få til eit godt samarbeid mellom Nordland, Troms og Finnmark i framtida.

Folkevalde, avisredaktørar og akademiske debattantar i Troms bør etter mi meining sjå alvoret for folk i Finnmark og ta avstand frå den maktarrogansen som regjeringa og samarbeidspartia viser i denne saka.