Ein forskjell mellom dei er kanskje at Støre er søkkrik, mens Solberg er meir vanleg middelklasse. Det er då eit paradoks at Solberg vil at dei rikaste skal få mindre skatt, mens Støre vil at folk med store formuer skal bidra litt meir.

Framstilt på denne måten er det eit trasig valg vi står overfor, dei to kamphanane er altfor like. Kan ein då like godt sitte heime den 11. september?

Svaret, slik eg ser det, er NEI. Valget står ikkje mellom eit sentrumsnært Høgre og eit sentrumsnært AP.

Valget står mellom ei rødgrønn regjering, som ved hjelp av Senterpartiet og SV vil sikre desentralisering og lokalt demokrati, og ei regjering som ved hjelp av Frp og Venstre vil fortsette demonteringa av lokalt og regionalt folkestyre.

LES OGSÅ: Høyre og Ap jevnstore i to målinger

Det er ei regjering som vil presse på for «reformer» som kan svekke rettane til arbeidsfolk, verne rikfolks formuer og åpne for profittbasert velferd.

Dei to sympatiske og samkøyrte toppkandidatane styrer unna dei store konfliktane, konfliktar som ikkje berre ulmar, men som kjem direkte til uttrykk i eit folkeleg engasjement nærast utan like dei siste åra.

Folk har gått kvinne og mann av huse og stilt opp i fakkeltog og folkemøter for å sikre sitt lokale demokrati (kommunestyre), sitt sjukehus, eit reelt forsvar og ikkje minst: Kystfisket.

Dette strevet har fått sine konkrete uttrykk Lofoten-Vesterålen-Senja, Bardufoss og Andøya her i nord. Det folkelege engasjementet er fanga opp og stimulert gjennom Senterpartiet, SV, Rødt og Miljøpartiet, men trass i at desse partia gjer det godt på målingane, ser det ikkje ut til at Arbeiderpartiet er interessert i følge opp.

Dermed oppstår det eit paradoks, for det er jo Arbeiderpartiet som skal stå i spissen for ein politikk for kysten, for lokal velferd, for demokratiet og miljøet. At mange då set seg på gjerdet, eller kjem i flyt mellom H og Ap, er kanskje ikkje så rart.

Det er få dagar att til valget, og små sjansar for at Ap sine strategar skjønnar teikninga – at også AP må forstå det politiske sprengstoffet og dei muligheten som ligg i å snakke desentralisering, sentrum og periferi. Desentralisering er faktisk også noko som folk i bydelane i Oslo forstår betydninga av.

Folk er glade i tiltak og løysingar som kjem gjennom milliardane på statsbudsjettet og all slags kompetanseheving i skole, helse, næringsliv og miljøvern.

Men, som forskinga på sosial kapital har vist, at utan å appellere til at folk sjøl må delta i utviklinga av framtidssamfunnet, på sine arbeidsplassar og i sine lokalsamfunn, vil all slags velmeint politikk nokså raskt feile.

Sosial-kapital-poenget er at budsjettmidlar og kompetanse aleine ikkje bergar oss. Dei beste landa er dei som stoler på folk flest si dømmekraft og ikkje minst: At frivillig innsats i fagforeiningar, lokaldemokratiet (som H, V og Frp bygger ned) og i nabolaget, må vere det råstoffet politikk blir forma gjennom.

Det klare fleirtalet som truleg er innforstått med dette, må gjerne stemme AP, men sørg for all del for at dei små og tydelege partia på venstresida får si fortente oppslutting!