Det er snart 10 år sidan trailertoga dundra forbi Slåttnes med buken fylt av steinmasse frå Ryatunellen som dei tømte ut på Skattøra. Sidan har vi køyrd slalåm mellom kraterhola langs ei salrygga, sprukken råk der stikkrennene sprett opp som tverr humpar i protest. Men nå er tida endeleg komen til å rette opp i galskapen og eg kan sitja i bilkø i vissa om at Vegvesenet lagar ein betre veg til oss.

I dei 40 åra eg har budd på Slåttnes, har bebuarane her betalt brupengar og drivstoffavgift for å gje vår skjerv til betre vegar og fortau i Tromsø kommune, men lite av dette har eg sett kome attende til denne grenda der knapt eit busskur gjev ly for Balsfjordvinden.

Kvar dag fer eit hopetal av syklistar forbi her med nokre centimeters klaring til bilane som rasar i full fart og trugar med å blåse syklistane i grøfta av lufttrykket dei dreg med seg.

Nå er det på tide at kommunestyret ser til distrikta og ikkje berre auser ut av skattepengane til steinsetting og sykkelvegar i Storgata. Eg skal gjerne sitja i bilkø slik at Vegvesenet får arbeidsro i vissa om at vi skal få ein trygg sykkel/gangveg langs den 14 km lange vegstubben mellom Håkøybrua og Ryatunnelen. Da vil vi og kunne gå trygge turar langs vegen slik byfolket kan gå på fine turstigar rundt ”Perlen i Hålogaland”.