Det er ille at Tor Egil Sandnes (Frp) set manglande politisk interesse for det norske språket i samanheng med den påståtte «enorme støyen og kravene om det samiske språket» (som man kan lese i Nordlys 16.okotober).

Det heng like lite på greip som då ein partikollega av han frå Hedmark i 2013 ytra at nynorsk sidemål i skulen kan føra til kriminalitet.

Det finst reelle utfordringar for det norske språket – mellom anna når det gjeld presset frå engelsk på ein del område – men det er på sin plass å minna om at norsk – både bokmål og nynorsk – vert rekna mellom dei 100 mest robuste av verdas drygt 7000 dokumenterte språk.

Når norske politikarar generelt sett synest å vera lite opptekne av språkspørsmål, skuldast det etter mi meining kunnskapsløyse og likesæle (eller «ligegyldighed» som det heiter på dansk).

At det faktisk finst mange som er opptekne av minoritetsspråk som samisk – og det mindre brukte språket nynorsk – i den norske befolkninga, gir oss i det perspektivet eit heilt anna utgangspunkt for å diskutera reelle språklege utfordringar enn i ein del andre land.

Ein som er van med å streva og jamvel kjempa for språket sitt, er ikkje likesæl til språkspørsmål allment, og Sandnes og politikarkollegaene hans burde søka råd og kunnskap i dei miljøa som jamleg har språk på dagsordenen, framfor å sjå engasjementet deira som eit trugsmål mot å diskutera kva utfordringar det norske språket står overfor.