I desembermøtet i Troms fylkesting kom det forslag frå partia Raudt, SV, SP og Dei Grøne om at Fylkestinget skulle protestera mot regjeringa sine planar om å overføra kontroll- og reguleringsmyndigheita av den norske vasskrafta til ACER, EU sitt energibyrå.

Fleirtalet i Troms fylkesting, beståande av KrF, Høgre, Ap og Frp, dei partia som i si tid gjekk inn for å erstatta Noreg sin gode Handelsavtale med EØS-avtalen, ville ikkje protestere mot å overføre eit stykkje Noreg til EU.

Alle desse partia; KrF. Høgre, AP og Frp veit at vasskrafta er ein del av kongeriket Noreg.Å overføra dette til eit anna land eller, som regjeringa vil gjera i dette tilfellet, til EU, er i strid med § 1 i den norske Grunnlova der det står: «Kongeriket Norge er et frit, selvstendigt, udeleligt og uavhændeligt Rige. Dets Regjeringsform er indskrænket og arveleg monarkisk.»

Likevel vil ikkje fleirtalet i Troms fylkesting med KrF, Ap, Høgre og Frp protestera mot dette.

Vasskrafta er det norske arvesølvet og det burde ikkje vera tvil blant fylkestingspolitikarane om korleis dei skulle og burde forholda seg ved denne voteringa. Det er difor naturleg å spørja kven Fylkestinget i Troms eigentleg representerer?

Er det seg sjølve, næringslivet eller EU?

Er dei ikkje audmjuke ovanfor land og folk og den Grunnlova som gjeld for Noreg, landet vårt?

Den arrogante haldninga de viser i denne, for folket, viktige saka underminerer innhaldet av den demokratiske styringsforma me har i Noreg.Skjulte agendaer synest å bli meir og meir vanleg blant politikarane i kongeriket Noreg.

Mange av oss er opptekne av og er uforståande og provoserte i samband med særleg det sentrale Høgre og det sentrale Ap si handsaming av helikoptersaka på Bardufoss og flyplassen på Andøya.

Ap, som ligg nede for teljing, ikkje berre grunna Trond Giske, men like mykje for den arrogansen og distanseringa partiet har vist ovanfor veljarane og medlemmene.

No synest dette partiet, trasigt nok, og dei som sit i Troms fylkesting, å halda fram som eit elitisk høgreparti der posisjonar er viktigare enn ideologi, samhald og fellesskap. Retoriske fråsegner frå leiinga av Ap sentralt samsvarar ofte dårleg med den praktiske politikken partiet fører.

Regjeringa sitt forslag om å overføra kontroll- og reguleringsmyndigheit av den norske vasskrafta til EU, i seg sjølv absurd, blir lakmustesten for Ap på Stortinget. Vert det som kong Håkon sa det; « Alt for Noreg» eller blir det som Gro Harlem Brundtland sa det; «Alt for EU»?

Samarbeid med EU og med andre land i verda er viktig, men det må vera tufta på gjensidige avtalar, ikkje slik som EØS-avtalen, der EU gjennom EU-kommisjonen bestemmer køyrereglane gjennom dei til no tusenvis av direktiva Noreg har implementert i det norske lovverket.