Me som har kjempa lenge for eit fritt og sjølvstendig Norge har måtta venje oss til mykje rart i EU-debatten. Eit døme er Thorbjørn Jagland, som veka før EU-valet kunne forsikre nordmenn at «noe veldig galt» ville skje med Noreg, om folket stemte nei til EU.

Trass i at me ikkje følgde Jagland sitt råd har Noreg klart seg langt betre enn samtlege EU-medlemer sidan 1994. Likevel har ikkje ja-sida vorte noko meir audmjuk. Det ser me spesielt godt no i den veksande EØS-debatten.

Med jamne og ujamne mellomrom reiser ja-sida smått absurde påstandar. Døme på dette er påstandar om at utan EØS-avtala må EU godkjenne kvar ein mutter frå Noreg, at Noreg ikkje vil få selt varer til EU, eller at Noreg ikkje vil kunne få tak i europeisk arbeidskraft utan EØS-avtala. Alt dette er feil, då Noreg er medlem i CEN, eit standardiseringsorgan som blei oppretta i 1961, og som Noreg har vore medlem av sidan starten. Ingen EU-land kan nekta deira innbyggjarar å reise til Noreg for å arbeide, og EU kan ikkje som WTO-medlem forby norske varer.

Under ein debatt i NRK 12. mai,om dei moglege konsekvensane av ei britisk folkerøysting om EU, greidde like fullt leiaren av Europabevegelsen å toppe det heile. Her kom han med følgjande uttale: «Noreg har ikkje ein uavhengig finans- og pengepolitikk!». Til dette må eg melde Jan Erik Grindheim at Stortinget vedtek statsbudsjettet i Noreg utan innblanding frå EU. Me har eigen valuta og me har ein sjølvstendig norsk sentralbank som set renta i Noreg. Eg oppfordrar ja-sida til å auke sin presisjon når me no snart forhåpentlegvis får ein reell debatt om EØS-avtala sitt innhald og eksistens.