I for lang tid har kapitalen bestemt tilgang til fiskeressursane, kvotemeldinga var ein moglegheit for å gjere noko med det. Vi har venta lenge på kvotemeldinga, og den kan bli avgjerande for utviklinga langs kysten. Meldinga har sjølvsagt både positive og negative ting ved seg.

Slik eg ser det er det aller tydelegaste perspektivet i denne meldinga at det er ei melding for dei som allereie er innfor fiskeria. I meldinga manglar det eit tydeleg perspektiv på kystsamfunna og konsekvensar for samfunnet av den politikken som blir foreslått.

Før eg stuper ned i kritikken kan det vere verd å nemne nokre av dei positive tinga i meldinga. Kort fortalt er det gjeninnføring av trålstigen, og ei mindre overføring av kvoter til kystflåten under 11 og at det blir innført eigarskapsbegrensingar i kystflåten

Den aller viktigaste kritikken mot meldinga er at den ikkje gjer noko med omsettinga av kvoter og kapitalkarusellen i næringa. Meldinga tar heller ikkje opp problemstillinga knytt til pliktkvotene. Pliktkvotene er ordninga der trålarane er forplikta til å levere fisk einskilde plassar langs kysten for å oppretthalde aktiviteten i fiskeindustri og i fiskerisamfunna.

Eg trur det ikkje er å ta munnen for full å hevde at desse pliktene ikkje blir gjennomført slik dei var tenkt då dei vart innført og at det burde få konsekvensar for desse kvotene. Leveringsplikta er knapt blitt ei tilbodsplikt, og konsekvensen av det er at fisken i stor grad blir eksportert frossen og ubearbeid ut av landet.

På førehand var det mest spenning knytt til kva regjeringa ville foreslå skulle skje med strukturkvotene. Strukturkvotene er ordninga at du kan kjøpe kvoter for å fiske fleire kvoter på ein båt. Den kvota du skaffar degt på denne måten har ei tidsbegrensa varigheit, og dei første kvotene fell tilbake til fellesskapen i 2027.

Regjeringa foreslår at at storparten av strukturkvotene skal tilbake til den gruppa dei vart kjøpt frå og legges til grunnkvotene der. Det vil forsterke kvotegrunnlaget for dei eksisterande båtane i gruppa og er i tråd med føresetnaden då ordninga vart innført. I tillegg foreslår dei at 1/3 av kvotene skal leggast til dei eksisterande strukturkvotene.

Det er ein del problem med den foreslåtte ordninga. På denne måten blir grunnkvotene større og dermed meir verd. Så lenge vi tillet omsetting av kvoter betyr det at kostnaden med å komme inn i dei kvotebelagte fiskeria vil auke. Dersom ein samstundes hadde foreslått at strukturkvoteordninga skulle avsluttast kunne dette vore ei god ordning. Over tid ville alle strukturkvotene falt tilbake til grunnkvotene i gruppa dei kom frå.

Det største problemet med det valet regjeringa har gjort er at dei fråskriv seg moglegheita og ansvar for ei politisk styring med fiskerinæringa. Regjeringa kunne foreslått at ein del av strukturgevinsten skulle brukast på heilt andre måtar. Det kunne for eksempel vore til rekrutteringskvoter for å hjelpe ungdom inn i næringa. Det kunne vore kvoter til områder som har mista kvoter i åra med strukturering, eller det kunne vore kvoter for å støtte dei som legg opp til meir miljøvenleg drift. Det ville ikkje regjeringa.