Innlegget vart først publisert i VG.

Det er grovt uansvarleg av Mads Gilbert å omtale kommune- og fylkestingsvalet som «juksevalg» og «ødelagt et politisk valg i Norge». Udokumenterte påstandar om valjuks er gift for tilliten til valordninga og til demokratiet.

Etter avsløringa av Sindre Finnes’ storstilte aksjehandel frå statsministerbustaden, har det i både redigerte og sosiale media blitt spekulert i om Erna Solberg og Høgre påverka valresultatet ved å gå ut med nyhenda fleire dagar etter valdagen.

Dei sterkaste påstandane kjem frå tidlegare Raudt-politikar Mads Gilbert i to nokså like kronikkar i Dagbladet og VG. Han påstår at Høgre og partileiar Erna Solberg har stått for det «største valgjukset i norgeshistorien».

Grunnlaget skal vere at dei har skjult omfanget av aksjehandlane til Sindre Finnes før valet og slik påverka valresultatet. Gilbert krev ikkje mindre enn omval.

Ugrunna og feilaktige påstandar om valjuks særs alvorlege og kan ikkje bli ståande uimotsagt.

Ved å påstå at nokon har juksa ved valet slik at det har påverka valresultatet, så seier Gilbert at valet er ugyldig og at dei som vann politiske verv i valet ikkje lenger har legitimitet.

Vedvarande og udokumenterte påstandar om valjuks er gift for tilliten til valordninga og til demokratiet.

Det er berre å sjå til USA, der Donald Trump og støttespelarane hans har spreidd rundt seg med løgner om juks ved presidentvalet i 2021. Resultatet er eit enno meir polarisert og fastlåst politisk ordskifte med innslag av politisk vald.

Mot dette bakteppet er det grovt uansvarleg av Gilbert å omtale kommune- og fylkestingsvalet som «juksevalg» og «ødelagt et politisk valg i Norge». Ein kan også spørje om det er ansvarleg av store aviser å publisere udokumenterte påstandar om valjuks.

Lat det vere klinkande klårt: Verken Høgre som parti eller Erna Solberg som partileiar juksa ved kommune- og fylkestingsvalet. Ein kan gjerne meine at dei kunne og burde ha stått fram med informasjonen om aksjehandlane til Sindre Finnes før valdagen, men ei slik unnlating har ingenting med valjuks å gjere.

Valjuks handlar om å påverke valet på ulovleg vis. Det kan vere kjøp og sal av stemmer, ein stemmer fleire gongar eller utan å ha rett til det, ein trugar veljarar til å stemme på eit bestemt parti, eller ein manipulerer valresultatet ved oppteljinga.

Alt dette er valjuks, og alt er straffbart.

Høgre og Erna Solberg har naturlegvis ikkje gjort seg skuldig i noko av dette. Det er likevel det Gilbert antydar når han med vitande og vilje brukar uttrykket valjuks.

Det er feil, og det er grovt uansvarleg. Gilbert kan ikkje forsvare seg med at han brukte uttrykket valjuks på meir folkeleg vis, altså at Høgre og Solberg ved å halde tilbake informasjon har villeia veljarane på ein slik måte at det påverka valresultatet.

Også dette er feil.

For det fyrste kan ikkje Gilbert dokumentere at meir utfyllande informasjon om aksjehandlane til Finnes sannsynleg har påverka valresultatet i kommune- og fylkestingsvalet. Det er neppe mogleg å påvise heller.

For det andre er ikkje politiske skandalar og kritikkverdige pr-strategiar grunnlag for omval. Demokratiske val gjev partia representasjon i folkevalde organ på grunnlag av oppslutnaden i perioden med førehandsstemming og på valdagen.

Oppslutninga i valet varar sjeldan lenge (berre spør statsminister Støre), men mandatfordelinga blir ståande i heile valperioden. At det skjer ein politisk skandale kort tid etter valdagen er ikkje grunnlag for omval.

For omval krev vallova at det har skjedd eit brot på reglar i vallova og valforskrifta som det er sannsynleg har påverka valresultatet. Den nye vallova, som kjem i bruk til stortingsvalet i 2025, opnar også for omval ved ekstraordinære hendingar som hindrar ein stor del av veljarane frå å stemme, som pandemi, cyberåtak og naturkatastrofar.

Brotne lovnader i valkampen, mangelfull informasjon om moglege straffbare forhold hos kandidatar eller nærståande, eller skandalar etter valet, er ikkje grunnlag for omval verken i Noreg eller i andre land.

Den einaste konsekvensen denne saka kan få for valet, er eventuelt til neste val, som er stortingsvalet i 2025. Då må Høgre, med eller utan Erna Solberg, møte veljaranes dom.

Før det må Gilbert og andre gjerne kritisere Høgre og Erna Solberg for politisk spinn og dårleg handtering av aksjehandlane til Sindre Finnes.

Når nasjonen er opprørt og blodtåka ligg tjukt over den redigerte pressa og sosiale media, vil eg likevel oppfordre alle til å puste med magen og ikkje ty til ord og retorikk som sår ugrunna tvil om kommune- og fylkestingsvalet.

Ord betyr noko, og måten vi omtalar meiningsmotstandarar og institusjonar kan føre demokratiet vårt ut i ureint farvatn.

Forfattaren var medlem av Valglovutvalget, som utforma den nye vallov som Stortinget vedtok i 2023. Han er også Noregs medlem i Veneziakommisjonen, som er Europarådets ekspertorgan for konstitusjonell rett, og som gjev råd om vallovgjeving og valobservasjon i Europa.