Skrevet av Ingunn Elstad, Besteforeldrenes klimaaksjon i Troms.

Blir oljefeltet Wisting i Barentshavet nord for Finnmark bygd ut, vil det auke utsleppa til atmosfæren med 200 millionar tonn CO2. Det er ikkje nemnt i konsekvensutgreiinga som Equinor sendte ut i februar.

Derimot er Wisting framstilt som ein gavepakke til Nord-Noreg, der folketalet har falle, mykje på grunn av nedskjering og nedlegging av offentleg infrastruktur som skoletilbod og helsetenester. Frå regjeringshald er Wisting halde fram som eit stort prosjekt for verdiskaping og sysselsetting i landsdelen. Equinor har lufta eit tal på 28.000 arbeidsplassar i Noreg i utbyggingsfasen fram til 2028. Jørn Eggum, leiar i Fellesforbundet og medlem i Aps sentralstyre, har gått lenger og hevda at Wisting vil skape 28.000 arbeidsplassar i nord.

I Troms har tolv miljø- og klimaorganisasjonar og politiske ungdomsorganisasjonar sendt eit høyringssvar til Equinors konsekvensutgreiing: lokallag og fylkeslag av Naturvernforbundet, Natur og Ungdom, Framtiden i våre hender, Spire, Besteforeldrenes klimaaksjon, Unge Venstre, Rød Ungdom og Sosialistisk Ungdom. Der har vi sett på konsekvensane for landsdelen vår. Mange opplysningar ligg «innpakka» i konsekvensutgreiinga.

Equinor vil drive Wisting og gassanlegget på Melkøya ved Hammerfest med kraft frå land. Wisting åleine vil doble kraftforbruket i Vest-Finnmark. Det er ein føresetnad for Wistingprosjektet at Equinor får hand om kraftoverskottet i Troms og Finnmark. Utsleppsfri energi frå vasskraft skal altså brukast til utvinning av klimaskadeleg fossil energi for eksport. Mange høyringsinstansar har sagt at den nordnorske krafta heller bør gå til rein og varig aktivitet på land. Elektrifiseringsplanane krev vidareutbygging av 420 kV «monstermaster» over vidda og langs fjordane, gjennom reindriftsområde, med store naturinngrep. Anlegget for landstrøm til Wisting skal dessutan opne for nye oljeutbyggingar i Barentshavet «som foreløpig ikke er identifisert». Equinor nemner ikkje samfunnsverknader av elektrifiseringa, men Olje- og energidepartementet har rekna ut at landsdelen vil få mykje høgare straumprisar. Wisting blir kostbar for hushaldningane og næringslivet.

Det er ikkje mangel på arbeidsplassar i Nord-Noreg. Det finst lokale variasjonar, men gjennomgåande er det mangel på folk kom kan fylle jobbane, som i resten av landet. Derfor oppfordrar kunnskapsminister Ola Borten Moe innstendig ungdommen til å satse på oljerelatert utdanning. Skulle dei gjere det, vil andre næringar tape stort.

Equinor minner om at sysselsettingsverknadene av lokale og regionale leveransar er svært usikre, sidan det er internasjonal konkurranse om anbuda. I konsekvensutgreiinga er det brukt forskjellige slags tal om muleg sysselsetting: Det er nemnt i underkant av 300 årsverk i driftsfasen i Nord-Noreg, 150 av dei direkte årsverk, resten indirekte årsverk og mulege ringverknader. Det er lause anslag. Sikkerheitsmarginen er på +- 20-30 %. Av desse går 50 personar til driftsorganisasjonen, delt mellom Hammerfest og Harstad. Equinor har ikkje vurdert om Wisting vil gjere det vanskelegare for andre næringar å få folk, såkalla fortrengningseffekt. Primærnæringane treng for eksempel å sikre drifta og vidareutvikle lokal foredling. Offentlige tenester som manglar folk, er sårbare for sentraliseringspress.

Oljeutvinninga på feltet skal drivast med digital fjernstyring og låg bemanning. Kraftanlegget på land skal vere ubemanna. I utbyggingsfasen opererer Equinor med 760 direkte årsverk i Nord-Troms og Finnmark, for å bygge kraftstasjonsbygget og vegane – som er planlagt i eit kalvingsområde for rein. Det skal også brytast grus og stein til å legge rundt landkabelen. Men konsekvensutgreiinga slår uttrykkeleg fast at verken dei direkte eller indirekte årsverka vil vere nyskapt sysselsetting. Det dreier seg om tilsette på verft, i boreindustri, i tenesteyting og i Equinor sjølv. Equinor medgir at den lokale kapasiteten innanfor bygg, anlegg og bergverk kan bli pressa, og ein må rekne med innpendling til Hammerfestområdet i desse næringane i utbyggingsperioden. Dei direkte årsverka som er antyda omfattar altså langpendlarar, som ikkje skattar lokalt.

Kunnskapsparken Bodø, som har rekna ut sysselsettingsverknadane for Equinor, viser i rapporten «Levert 2020» at 1/3 av dei sysselsette i leverandørindustrien i Troms og Finnmark var innpendla i 2020. Særleg Hammerfestområdet mangla fagarbeidarar. Men leveransane til olje- og gassnæringa utgjorde berre 1/3 av omsetninga til dei bedriftane som blir kalla leverandørindustrien i Nord-Noreg.

Eit grundig nasjonalt høyringsinnspel frå Naturvernforbundet, Greenpeace, WWF, Natur og Ungdom og Norske Samers Riksforbund har konkludert at Wisting sannsynlegvis ikkje vil skape ein einaste ny arbeidsplass, men binde opp arbeidskraft til oljeindustrien.

Wistingprosjektet er ingen gavepakke. Det går ut på storskala utnytting av Nord-Noreg.