I ei lita bygd på Sotra vaks dei opp 50 meter frå kvarandre. I helga skal begge spele cupfinale.

Karoline Isabell Bakke Lauten (27) og Jakob Glesnes (24) flytta frå heimbygda som 16-åringar for å jakte fotballdraumen. No kan han verte oppfylt.

GODE NABOAR: Karoline Isabell Bakke Lauten og Jakob Glesnes vaks opp i havgapet på Sotra. Sjølv om det er nokre år mellom dei, kjenner dei kvarandre frå barndommen.   Foto: Marita Aarekol

fotball

STEINSLAND: Molovegen er ikkje så lang. Frå landhandleriet på Steinsland kai strekkjer han seg om lag 100 meter, så deler han seg i to. Ein molo til høgre, eit nettverk av motbakkar til venstre.