Nest-trenar kalla dommarar «Satans klovner i svart». No vurderer NFF straff.

No vurderer Norges Fotballforbund sanksjonar mot Nest-Sotras keepertrenar etter det dei meiner er uakseptabel språkbruk.

DOMMARDISKUSJONAR: Nest-Sotra har diskutert med dommarane mange gongar denne sesongen. Hovudtrenar Steffen Landro meiner laget får mykje meir mot seg enn storklubbar som Aalesund.  Foto: VEGARD WIVESTAD GRØTT / BILDBYRÅN NORWAY

fotball

Nest-Sotras keepertrenar og reservekeeper, Erlend Johansen, kom med fleire utfall mot norske dommarar på Twitter søndag kveld. Det var rett etter at Nest-Sotra fekk straffe mot seg på overtid mot Sogndal og tapte 1–0. Eit straffespark som såg billig ut, viser Eurosports reprise.