Sjur Røthe er glad han ikkje lytta til dei mørke tankane sist vinter

Kanonopninga på sesongen har gitt Sjur Røthe ny tru på karrieren etter ein blytung periode.

EITT FETT: Sjur Røthe seier det er det same for han om dagen om han går skøyting eller klassisk. Vinnarsjansane er like uansett. I helga vart han nummer tre på 15 km klassisk og vann 15 km skøyting.   Foto: Vegard Wivestad Grøtt / BILDBYRÅN NORWAY

langrenn

Første- og tredjeplass vart det for Sjur Røthe under den nasjonale langrennsopninga på Beitostølen. Vanlegvis betyr ikkje nasjonale renn all verda, men når idretten heiter langrenn og nasjonen er Noreg, kan relevansen av å vera best knapt overvurderast.

Det gjer godt for sjølvtilliten å ha namn som Martin Johnsrud Sundby, Johannes Høsflot Klæbo og Simen Hegstad Krüger bak seg på resultatlista.

– Eg er ekstremt letta. Ting har fungert for meg ei god stund, men det var no eg fekk vist det fram, seier Røthe.

Vossingen har hatt enkle timar etter at han fekk stå øvst på sigerspallen.

– Det mentale i dette er eit veldig pluss for meg. No slepp eg grubla på om det eg gjer er bra nok.

Fekk støtte

Røthe har slite lenge med smerter i kroppen. Enkelte dagar har det vore så vondt at han har hatt trøbbel med å koma seg ut av senga. Men sidan i fjor vår har det berre gått betre og betre for 30-åringen som er blitt diagnostisert med Bekhterevs sjukdom. No er sjukdomen under kontroll. Og han prøver å fundera minst mogeleg på at han har ein kronisk tilstand.

– Eg svarar sjølvsagt når folk spør, men eg prøver å bruka minst mogeleg tid på å tenkja på og snakka om sjukdomen. For når eg gjer det, så brukar eg for mykje energi på det, seier Røthe.

Då OL-plassen glapp og han vart sendt heim frå NM fordi han ikkje var i stand til å gå skirenn, gjekk Røthe i kjellaren. Han vurderte om han kunne halda fram som idrettsutøvar.

– Det er ikkje noko kjekt å reisa rundt og gå dårleg på ski når det er jobben din. Då mister du trua på deg sjølv.

Men mange støttespelarar rundt 30-åringen fortalde ein annan bodskap enn dei mørke tankane som kunne snika seg på. «Evnene på ski er det få som kan matcha.» «Du kjem til å angra om du gir deg utan å prøva å få kroppen frisk, og sjå kor god du er då.» «Du har mykje ugjort.»

– Eg skjønte at eg måtte unngå å setja meg sjølv opp mot alle andre og tenkja at andre fortente plassen på laget meir enn meg. Eg fekk tru på at om kroppen vart bra, så kunne eg kjempa mot dei beste.

Sjur Røthe

Født: 2. juli 1988.

Frå: Voss.

Bustad: Oslo.

Sivilstatus: Sambuar med Siv Emilie Løvvold.

Idrett: Langrenn.

Klubb: Voss Idrettslag.

Utvalde merittar: VM-gull på stafett i 2013, VM-bronse på tremila i 2013, vinnar av femmila i Holmenkollen i 2015.

Siktar mot femmila i VM

Slik gjekk det. Røthe avslutta førre sesong med NM-gull. No opna han altså denne sesongen med førsteplass. Etter mykje arbeid saman med lege og fysioterapeut har Røthe teknikkar som gjer at han taklar problema sine. Styrkjeøvingar og medisin har teke brodden av dei verste dagane. Men det er framleis dagar han har vondt.

– Ulempa er at eg ikkje styrer når eg har vondt og ikkje. Og eg veit ikkje heilt kvifor eg får vondt når eg får vondt. Det er mogeleg for meg å gå fort på ski sjølv om eg har smerter, men målet mitt no er at eg skal få heilt kontroll på situasjonen.

Røthe har eitt hovudmål for denne sesongen. Ein ambisjon han har snakka om lenge. Milslukaren drøymer om å få til noko på femmila i verdsmeisterskapen i Seefeld 3. mars neste år.

– Eg siktar mot å koma meg med der. Så får me sjå. Eg kan ikkje snakka om å vinna eller noko slikt etter at eg ikkje eingong kom meg med til OL sist.