Derfor får den største stjerna i sykkelsporten spørsmål om doping

Sju punkt som forklarar Chris Froomes problem før VM i Bergen.

I BERGEN: Chris Froome har allereie prøvd løypa opp Fløyen under VM i Bergen. Onsdag er det temporitt med avslutning opp det berømte fjellet.   Foto: JOAR OFFERDAL VATLESTAD

sykkel

Det kjem eit ubehageleg «men» etter setninga «Chris Froome har aldri testa positivt for doping». Eit «men» som har ridd britisk sykkelsport som ei mare det siste året. Og eit «men» som vil hengja med Froome når han skal prøva å krona ein eksepsjonelt vellukka sesong med å vera bestemann på VM-tempoen opp Fløyen.

Kvifor det? Her er sju punkt som forklarer dopingspørsmåla rundt Froome, laget hans, Team Sky og britisk sykkelsport.

1. Dette er Chris Froome

For tida er han kanskje den aller største stjerna i internasjonal sykkelsport. Froome har vunne fire av dei fem siste utgåvene av Tour de France. Og i år gjorde han noko nesten ingen andre har gjort: Han vann både Tour de France og Vuelta a España same sommaren.

Froome er 32 år og brite, men vaks opp i Kenya og Sør-Afrika. Sidan det britiske profflaget Team Sky vart oppretta i 2010, har Froome vore ein del av laget, og hans dominans som syklist har kome på same tida som Team Sky har vorte det førande laget i sykkelsporten.

VANT TO: Berre Jacques Anquetil og Bernard Hinault hadde gjort det før han. Men no er Chris Froome de tredje syklisten som har vunne både Tour de France og Vuelta a España same året.  Foto: Francisco Seco / TT / NTB Scanpix

2. Ingen positive dopingtestar

Froome har aldri testa positivt på nokon dopingtest, han har eit reint rulleblad og han seier sjølv at han ikkje har juksa.

3. Dopingetterforsking av britisk sykling.

Sjølv om antidopingsystemet i sykkelsporten er blant dei beste i verda, er det likevel langt frå godt nok til å slå fast at alle som ikkje har testa positivt, er til å stola på. Froomes problem er at han er den fremste ryttaren på eit lag – Team Sky – som det siste året har vorte etterforska for doping. Og mannen som har løfta britisk sykkelsport til enorme høgdar dei siste fem-ti åra, Sir Dave Brailsford, har fått ein sterk dopingmistanke knytt til seg.

4. Bag med «ukjent medisin»

I fjor haust sprekte glansbiletet av britisk sykkelsport. Som vanleg ikkje på grunn av antidopingsystemet i seg sjølv, men på grunn av ein avisartikkel. Daily Mail trykka i si avis at Team Sky hadde fått overlevert ein bag med «ukjent medisin» frå ein kurier som arbeida for det offentleg finansierte British Cycling. Pakken var til Sir Bradley Wiggins, og den kom den dagen Wiggins avgjorde det store rittet Criterium du Dauphine i 2011. Wiggins vart i 2012 den første briten som vann Tour de France. Same året vart han også OL-meister i London, og i 2014 vart han verdsmeister. Avisartikkelen utløyste umiddelbart etterforsking frå både UKAD (Britisk Antidoping) og høyringar i det britiske parlamentet. Innhaldet i pakken var fluimucil, ifølgje Team Sky sjølv. Det er ein luftvegsmedisin som ikkje er forbode.

5. Laug om turen

Eit stort problem er at Team Sky, leiar Dave Brailsford og mannen som overleverte pakken, Simon Cope, vart driven frå den eine løgna til den andre om pakken etterpå. Først sa Cope at han var i Frankrike for å møta den britiske syklisten Emma Pooley. Dette avkrefta Pooley offentleg like etter. Ho var i Spania der ho deltok i eit sykkelritt, ikkje i Frankrike. Deretter kom fleire løgner, som også vart avkrefta.

6. Medisin med legeerklæring

I eit russisk hackerangrep mot Det internasjonale antidopingbyrået (WADA) vart det avslørt at både Froome og Wiggins har brukt medisin på dopinglista, fordi dei har fått lovleg medisinsk unntak til å gjera det. Wiggins på grunn av pollenallergi, Froome på grunn av astma. Wiggins brukte middelet corticosteroid triamcinolone då han vann Tour de France i 2012.

VANN I 2012: Sir Bradley Wiggins var den beste under Tour de France i 2012. Han fekk god hjelp frå Chris Froome.  Foto: Christophe Ena / TT / NTB Scanpix

Dette er eit stoff som ifølgje The Guardian fjernar feitt frå kroppen, utan tap av muskelstyrke, og som var ein favoritt hos Lance Armstrong. Froome brukte eit anna stoff – prednisolon – i 2013 og 2014. «Eg har ope diskutert mine medisinske unntak med media, og har ingen problem med at dette vart lekka. Det eg har sagt har berre vorte stadfesta: På ni år som profesjonell, har eg to gongar bedt om medisinsk unntak på grunn av astma, siste gong var i 2014», har Froome sagt.

7. Lite entusiasme i heimlandet

Froome kjem rett til VM i Bergen frå seier i Vuelta a España – Spania rundt. Men britiske aviser er ikkje fulle av lovord om Froomes og Team Skys fantastiske innsats i Spania. Parlamentsmedlemet Damian Collins har sagt at Team Skys truverd er lagt i grus. Den amerikanske legenda Greg LeMond, som har vunne Tour de France tre gongar, har sagt at Team Skys forklaring på bruken av smertestillande, medisinske unntak frå forbodne middel og den mystiske pakken frå 2011 er «bullshit». Sean Ingle, kommentator i The Guardian, seier det slik: «Når me snakkar om Team Sky er det ingen rykande pistol, men berre den mest blinde patriot vil nekta for at det er like mykje røyk som frå eit bål»