Konkursselskapet etter sykkel-VM har åtte millionar kroner på konto

Kreditorane krev ti gonger så mykje. Konkursbuet jaktar no pengar frå underskotsgarantiar og momskompensasjon – verdiar som er varsla å forsvinna.

LANG PROSESS: Advokatane Arne Laastad (til v.) og Ådne Laastad vil truleg jobba lenge med å rydda opp etter konkursen i Bergen 2017 AS.   Foto: Ørjan Deisz

sykkel

– Me går etter det me kan så langt det er mogeleg. Ein sentral del av jobben vår er å få inn så mykje verdiar me berre kan, seier advokat Ådne Laastad.