Fannemel om VM-vrakinga: – Mister eit høgdepunkt

Denne sesongen var hoppveka, OL og VM i skiflyging høgdepunkta for Anders Fannemel, men VM-draumen blei knust i dag.

Anders Fannemel (t.v) klarte ikkje å kvalifisere seg til VM.   Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

vintersport

Trenar Alexander Stöckl tok med seg seks hopparar til Oberstdorf til VM i skiflyging, men berre fire av dei kunne vere med i VM. Ein skulle avgjere kven som skulle få vere med i kvalifiseringa til VM gjennom treningsomgangane.