20. januar i eit avisoppslag i både Nordlys og Fremover uttalte Nordnorsk Råd sine tre fylkestoppar at dei vil snakke med ein stemme for det beste for landsdelen. Aksjonsgruppa for Nord-Norgebanen og Tromskomiteen for jernbane ba dei dermed om å komme med eit felles innspel om at konkret planlegging av oppstart og forlenging av Nord-Norgebanen bør inn på Najonal Transportplan 2018–2029.

Reaksjonen frå Nordnorsk Råd er nedslåande. Fylkesrådsleiar i Nordland, Tomas Norvoll (Ap), ser ikkje for seg eit slikt innspel og fryktar at det berre vil virke forstyrrande for investeringar til dobbeltspor på Ofotbanen og til oppjusteringar av den eksisterande Nordlandsbanen.

Fylkesordføraren i Finnmark, Runar Sjåstad (Ap), tvilar på at vidareføring av Nord-Norgebanen er nært foreståande, men syns det er fint at det fins folk som klarer å holde tanken om dette i live.

Fylkesrådsleiar i Troms, Cecilie Myrseth (Ap), har i skrivande stund ikkje uttalt seg offentleg.

Sålenge Nordnorsk Råd ikkje greier å løfte fram landsdelens viktigaste utviklingsprosjekt for framtida, kan ein med rette tvile på om det er bruk for eit slikt råd.

Mon tru kva stortingsrepresentant Martin Henriksen (Ap) tenker om at Nordnorsk Råd sett bremsene på og nøyer seg med å vere bakoverlente iakttakarar? Han meiner jo at ignorering og avfeiing av jernbane nord for Narvik er uansvarleg før utbygging er utreda.

Motstanden på Stortinget er massiv nok – om han ikkje i tillegg skal mangle ryggdekking for jernbanebygging her nord hos sine eigne partifellar frå sin eigen landsdel.

Men stå på Martin, her nord er det mange andre som heier på deg!