Resultata frå 200 folkeavstemmingar landet over viser at regjeringa har store vanskar med å få gjennomslag for sine argument om fordelar ved større kommunar. Spesielt i distriktskommunar og i Nord-Norge har motstanden mot samanslåing vore markant. Mykje kan tyde på at folk som bur i distriktskommunar er redd for å få eit dårlegare tenestetilbod. Dei har ikkje erfaringar som tilseier at større kommunar gir betre barnehage, skole og eldreomsorg.

Dette skulle ein tru at både kommunalministeren og avisredaktørane har oppfatta, men stadig får vi høyre at det er behov for å fjerne mindre kommunar «for å sikre befolkningen bedre tjenester». Lettvinte slagord som at landet er «overmodent» for denne reforma, og «det går ikke over» er faste innslag i meldingane frå regjeringspolitikarar og embetsmenn. Men når det ikkje er mogleg å underbygge at store kommunar gir betre resultat for folk flest enn små, må det vere noko anna som ligg bak?

Etter å deltatt på 10 folkemøter og like mange konferansar landet rundt, om kommunereforma, har eg inntrykk av at departementet og fylkesmenn først og fremst er bekymra for opphopinga av eldre og pensjonistar i dei små kommunane. Men på spørsmål om korleis for eksempel befolkninga i Kvænangen skal bli forynga, gjennom samanslåing med nabokommunane i Nord-Troms, får vi ikkje svar. Også Karlsøy kommune har ein stor andel eldre, men kva er situasjonen i det området som tidlegare utgjorde Ullsfjord kommune? Blei det meir utvikling og større barnekull der etter at Ullsfjord blei ein del av den ekspansive Tromsø kommune? Svaret er sjølvsagt nei. Utviklinga og veksten har utelukkande skjedd i byområdet.

Bekymringa for at vi får mange aldrande lokalsamfunn kan vere reell, men då må vi gjere noko med det. Den mest effektive medisinen mot forgubbing er ikkje kommunesamanslåing, men kommunal innsats for næringsutvikling og tilhøyrande familietilflytting. Det dreier seg om den innsatsen som bedrifter, gründarar, ordførar, rådmenn, fagfolk og frivillige stiller opp med ute i kommune-Norge. Innsatsen er motivert av trua på eige lokalsamfunn og den er gjort mogleg nettopp med dei økonomiske og organisatoriske ressursane som finst i kommunen som institusjon.

Ved UiT Norges Arktiske Universitet har vi forska på dette sidan 1970-talet, og konklusjonen er klar: I den grad ei distriktsbefolkning har lukkast med å skape utvikling, er det ordførarar og andre nøkkelpersonar lokalt som har vore drivkrafta. Metoden består i å etablere «utviklingsnettverk» og samarbeide på tvers av geografiske og faglege grenser. Fjernar ein den ressursen som ligg i å ha ein talsperson på heiltid (ordføraren) og den organiserte politiske innsatsen til eit lokalt vald kommunestyre, vil det aktuelle området nesten garantert kome dårlegare ut.

Ei vellykka fiskeri-, oppdretts- og reiselivsnæring kan i dag kan hauste fruktene av den infrastrukturen som distriktskommunane har kjempa fram. Kommunen sine velferdstenester er nødvendige for næringslivet, men skaper i tillegg også jobbar, familieliv – og barn. Dette forstår folk som har sitt virke i dei hundrevis av produktive kommunesamfunn her til lands. Derfor er det eit klart fleirtal for eigen kommune i meir enn 70 prosent av folkeavstemmingane som har vore no i vår. Lokaliseringsmønsteret for dei mest framgangsrike, ressursbaserte næringane er desentralt, derfor er det framtidsretta, og slett ikkje bakstreversk, å ha ein desentral kommunestruktur.

Kampen for å fjerne småkommunar er på denne måten klart forfeila. Det er ei logisk og politisk feilslutting å hevde at sidan storbyane (og særleg Oslo) har stor vekst, så må framtidas Norge byggast på ein storbymodell. Norge kan ikkje leve av byøkonomien aleine, altså av privat og offentleg tjenesteyting, forskingsjobbar og vekst gjennom stigande eigedomsprisar. Vi treng ein god balanse mellom by og land, ikkje ein kamp «mann mot mann».

Poenget er at vi har høgproduktive næringar i distrikta, næringar som produsere meir, med langt færre folk enn før. Men det er berre tull å tru at sidan det er så få som står for produksjonen i dag, så kan vi få framgang ved å bygge ned den politiske og sosiale infrastrukturen kring næringslivet i distrikta. Folk sluttar opp om eigen kommune i Nord-Norge så vel som i resten av distrikts-Norge, fordi dei har tru på lokalsamfunnet si næringsmessige betydning og framtidsutsiktene. Å styre lokalt betyr å ha handa på rattet når det gjeld korleis areala til lands og i kystsona skal disponerast. Det handlar om kven som skal forvalte dei ca. 100 millionar kronene som årleg blir fordelt til velferdsformål i mindre kommunar. Og folk ser verdien av å ha sin talsperson, ein ordførar som med eit klart mandat kan hevde lokalt næringsliv og samfunnsliv sine interesser i det store spelet om etableringar og transportløysingar.

Etter ein omfattande og opplyst debatt, understøtta av ei rekkje vitskaplege bidrag i tre fagbøker (Denters 2014, Jensen 2016, Klausen 2016), trur imidlertid store delar av den norske eliten fortsatt at næringsutvikling og velferd vil bli styrka om ein fjernar delar av den lokale politiske og organisatoriske basisen for den. Stort sett er dette dei same folka som i 1994 meinte at det ville gå utfor bakke med Norge om vi ikkje blei med i EU.