Kjære vener i Tromsø. Det er på tide å ta den vanskelege samtalen. Den du ikkje har lyst til å ta med dine foreldre. Men det kan ikkje halde fram slik, det er ikkje slik vi vil ha det.

Lørdag formiddag stilte eg på dugnad for BK Tromsø som vakt ved inngangen på festivalen Miniraketten i Tromsø sentrum. Her hadde eg gleda av møte mange trivelege tromsøværingar i alle aldrar, alt frå glade barn, til positive ungdommar, til hyggelege foreldre og besteforeldre og blide og nysgjerrige turistar.

Se også: Les alt om Rakettnatt her!

Men dessverre møtte eg også ein annan type tromsøværingar, dei sure og frekke eldre. Det var ikkje bare ein, to eller tre, nei det var ei rekkje episoder. Alle med godt vaksne folk som ikkje kunne akseptere at Storgata denne eine lørdagen i året er stengt for gjennomgang.

Eg kan forstå at folk både blir overraska og ein smule irritert over at eit offentlege rom er stengt og at dei av den grunn må gå omvegar. Men når godt vaksne tromsøværingar, kvinner og menn i alderen 65+, skjeller oss ut med bannskap og ukvemsord bare av at dei må gå 200 meter ekstra via Grønnegata eller Sjøgata for å kome seg dit dei skal så er ikkje det OK.

Det er ikkje greitt å skjelle ut folk som ikkje har gjort anna enn å rettleie dei høfleg og venleg. Det er ikkje greitt å stå å rive av seg bannskap i Storgata ein lørdag formiddag. Folk gjer ikkje slik, våre barn og ungdommar gjer ikkje slik og eldre tromsøværingar skal ikkje oppføre seg slik.

Så kjære vener, ta den vanskelege samtalen. Fortel dine foreldre, dine onkler og tanter at dei må oppføre seg når dei er i byen. At dei ikkje kan rive kjeft og bannes høglytt mot tilfeldige fremmede, mot folk som jobbar dugnad, mot andre tromsøværingar. Fortel dei at det er ikkje slik vi vil ha det i Tromsø.

Innlegget ble opprinnelig publisert på Ketil Zachariassens Facebook-side og er gjengitt med tillatelse.

MINIRAKETTEN: Dettet bilder fra fra da festivalsjef Emma Øseth-Pettersen (11) fikk Minirakett-programmet overlevert fra en astronaut i forkant av arrangementet. Foto: Trond Tomassen