Knapt nokon kan ha unngått å få med seg at det er opprørsstemning på Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning på universitetet. Eit såkalla strategisk utdanningsutval har nemleg lagt fram ein rapport som gjer framlegg om å leggje ned ei rekkje studieprogram, først og fremst program i humanistiske fag, ikkje minst språkfag. Utvalet bestod av m.a. alle prodekanane for utdanning; såleis var alle fakulteta representerte på høgt nivå.

Les mer om UiT-bråket:

Opprør på UiT: – Kan være begynnelsen på slutten

UiT-ledelsen svarer: – For mange studier med for få studenter

«UiT – en fremtidig pizzeria med liten meny?»

Disse studiene kan bli kuttet ved UiT (iTromsø Pluss)

Da rapporten blei send ut til dei tilsette måndag 24.11, deltok eg for min del på ein workshop om “New Minorities and Novel Obligations», altså nye minoritetar og nye plikter, arrangert av kollegaer på filosofi. Bakgrunnen for workshopen er eit nordisk samarbeidsprosjekt med fleire deltakarar frå Tromsø. Kontrasten mellom argumentasjonen i rapporten og argumentasjonen (både den juridiske, filosofiske og etiske) i innlegga på workshopen, slo meg nesten ut.

I det perspektivet står rapporten til stryk. Det er ikkje mykje refleksjon å finne der. Og det er ikkje fordi utvalet har gjort ein dårleg jobb, for det har dei ikkje. Dei har berre vore tru mot mandatet sitt.

Det er mandatet som er ravgale. Å berre leggje vekt på rekruttering og indikasjonar på svakt studiemiljø (der kriteria for det siste er svært snevre, og kanskje ikkje ein gong rette), fører automatisk til dei konklusjonane som vi no er blitt presenterte for. Det er rein mekanikk, og ein kunne berre ha overlate oppgåva til ein talknusar. Det ligg ingen strategi attom dette, så kva ein skulle med eit strategisk utdanningsutval i denne samanhengen, er uforståeleg. Det er òg verdt å merke seg at dei studenttala som blir oppgjevne, svært godt illustrerer sanninga i at det er ingenting det er så lett å lyge med som statistikk.

Ei rekkje faktiske studentar er utelatne frå statistikken fordi dei ikkje er såkalla gradsstudentar. For eksempel er studentar som tar ei årseining, t.d. lærarar som vil skaffe seg undervisningskompetanse i eit bestemt fag, ikkje med i grunnlaget som er presentert. Heller ikkje lektorstudentane i språkfaga er med, og dei er det ganske mange av.

Og så er det slik i mange fag at lektorstudentar og årseiningsstudentar tar dei same kursa som dei studentane som er på dei programma som no er truga med nedlegging. Så mange av kursa vil bli haldne oppe; der vil berre bli færre deltakarar fordi visse kategoriar av studentar blir stengde ute om framlegga frå utvalet blir vedtatte av universitetsstyret. Så ein sparer ingenting på nedlegginga, ein reduserer berre studenttalet ytterlegare. Kva er logikken?

Hadde vi ikkje hatt så dårlege erfaringar frå førre runde med nedleggingar av fag og program (i 2011), da det såkalla “økseutvalet” på HSL-fakultetet (der eg sjølv var medlem) leverte ei tilsvarande innstilling, ville eg tenkt at dette kan ikkje universitetsstyret finne på å vedta. Da var situasjonen om lag som no; utvalet gjorde jobben sin ut frå det mandatet det hadde fått og trekte konklusjonar om å leggje ned fag som er viktige på eitkvart breiddeuniversitet og også i samfunnet, på dette grunnlaget.

Rektor Jarle Aarbakke hadde før utvalet leverte innstillinga si, dyrt og heilagt i eit intervju med Aftenposten lova at mastergrad i tysk og fransk aldri ville bli lagt ned i Tromsø (det hadde nettopp skjedd i Stavanger), og eg iallfall var så naiv at eg trudde på det. Så naiv er eg ikkje lenger.

Noko som gjer meg mistenksam, er den korte høyringsfristen som fagmiljøa har fått. Kvifor hastar det slik? Noko anna er at Kunnskapsdepartementet nett no arbeider med ei melding om humaniora i Norge. Den skal vere ferdig i 2017. Så kvifor leiinga på universitetet vårt har det så travelt at dei ikkje kan vente til dei nasjonale utgreiingane er ferdigstilte, stiller eg òg spørsmål ved.

Dersom det er ein yrkeshøgskole vi ønskjer at universitetet vårt skal utvikle seg til å bli, er innstillinga frå Strategisk utviklingsutvalg framtidsretta. Eg er tilbøyeleg til å bruke ord som tragisk om det som da vil skje. Er det verkeleg berre rein marknadstenking som skal styre utviklinga? Kriteria utvalet har arbeidd etter, er marknadsorienterte, og berre det.

Tenkinga som ligg bak mandatet til utvalet, er historielaus, også om vi ser saka i eit så stutt historisk perspektiv som dei om lag 50 åra universitetet vårt har eksistert. Hadde den tenkinga som no tydelegvis er styrande, vore gjeldande da, hadde vi ikkje hatt noko universitet i Tromsø, og dermed heller ikkje noko Noregs arktiske universitet.

Universitet er sivilsamfunnsinstitusjonar og ikkje marknadsinstitusjonar. Eit stikkord på den workshopen eg nemnde innleiingsvis, er “novel obligations”, altså nye plikter. Der handla det om plikter overfor menneske som av ulike grunnar (krig, forfølging) blir tvinga til å flykte frå heimane sine. Universitet har også ansvar og plikter. Om det samfunnet vi lever i, blir meir og meir kommersialisert og marknadsorientert, betyr ikkje det at universiteta bør gje seg ut på same galeien. Pliktene til eit universitet går langt utover å telje tal for ditt eller datt. Når det berre er tal som tel, er vi på ville vegar.