Debatt

«Drivstoffbløffen til Fremskrittspartiet»

Fremskrittspartiet later som dei kjemper mot avgiftsauke på drivstoff. Det er ikkje rett. Statsbudsjettet syner at FrP og Siv Jensen ynskjer ein historisk auke i drivstoffavgiftene.

Illustrasjon.  Foto: Ronald Johansen

meninger

Dei har stilt ultimatum til Stortinget om å auke dieselavgifta med 44 øre og bensinavgifta med 19 øre. Det er ein større auke i drivstoffavgiftene på eit budsjett enn det dei raudgrønne hadde på sine åtte budsjett.

Senterpartiet har langt større tru på ein miljøpolitikk som fungerer. Difor går me mot FrP sitt krav om auka drivstoffavgifter.

Senterpartiet meiner ein i staden for å plage folk heller må satse på å bygge ut eit godt kollektivtilbod, på omlegging av næringslivet og på å bygge ut meir fornybar energi.