Avisa «Verdens Gang» opna 10. mars for første gong for eit redaksjonelt innlegg på nynorsk, først på nettstaden sin og dagen etter i papiravisa. Dette er eit gledelig brot med avisa sitt forbod mot å publisere redaksjonelle saker på nynorsk, og ansvarlig redaktør Gard Steiro seier at det har skjedd ei oppmjuking av reglane for bruk av nynorsk i avisa.

Det er no tolv år sia Noregs Mållag sette i gong kampanjen «Slepp nynorsken til i Dagbladet og VG».

I dag har nynorsken eit rimelig stort rom i landsdekkande aviser som Klassekampen, Nationen og Vårt Land, men i Dagbladet og Aftenposten eksisterer det framleis eit nynorskforbod.

Det er utrulig at eit av dei to offisielle språka i Noreg har vore og er forbode å bruke i aviser med statsstøtte, og det er derfor gledelig at VG no opnar auga og slepp nynorsken til i avisspaltene. Vi håper at andre aviser også vil sjå at dette er eit positivt språkslepp.

Her har også region- og lokalavisene i nord eit stort ansvar. Det nynorske avisspråket tar i mykje større grad enn bokmålet vare på det nordnorske språkuttrykket. Nynorsk er det einaste skriftspråket som kan yte full rettferd til nordnorsk språk i skrift. Dessutan er det berre rett og rimelig at journalistar og andre skrivande som til daglig brukar nynorsk, får sleppe til med sitt språk i avisene.

Det finst heldigvis region- og lokalaviser i nord som slepp til nynorsk i avisspaltene, nokon i meir grad enn andre. Det er å håpe at stadig fleire avisredaksjonar aktivt opnar for eit nynorsk avisspråk som kan vere med på å feste det nordnorske språkbildet betre i avisspaltene.

VG si opning av spaltene for nynorsk bør inspirere fleire aviser til å gjere det same.