Det er derfor gledeleg at UiT no har sett ned ei gruppe som skal arbeide for å få universitetet vekk frå den språklege «skammekroken» dei sjølvforskyldt har hamna i. Det er ein veg å gå, men det er positivt at universitetet no grip fatt i dette viktige språk-arbeidet.

22.02.2017 sendte Språkrådet eit brev til UiT Noregs Arktiske universitet der det blei understreka at UiT ikkje på noko vis hadde oppfylt krava i målloven. Kunnskapsdepartementet har følgt opp den dårlege oppfølginga, og i brev derifrå av 13.11.2017 med følgjebrev frå Språkrådet blir UiT plassert på ein klår botnplass av Språkrådet: «Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) ligg saman med Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet heilt på botn i målbruksarbeidet.»

Troms og Finnmark mållag er glad for at universitetet endeleg grip fatt i dei miserable språkforholda og har sett ned ei arbeidsgruppe for å auke bruken av nynorsk ved UiT. Til nettavisa Khrono 28.12.17 fortel kommunikasjonsrådgjevar Mathilde Torsøe at fleire nyhendesaker er omsett til nynorsk, og fleire tiltak er i gang.

Vi er glad for kvar nyhendesak som kjem på nynorsk, Vi er glad for kvar Facebook-melding på nynorsk. Vi les nynorske tvitringar. I det heile er vi glade for kvar gong UiT viser at dei verkeleg syner eit språkleg mangfald mot offentlegheita. Dette er viktig i ein landsdel som har ein munnleg norsk dialektbruk som ligg så kloss opptil nynorsk skriftspråk som det er råd å vente – og samtidig fjernt frå det konservative bokmålet som elles rår i akademia. Vi håper at UiT følgjer dette opp ikkje berre på studiestadane i Tromsø, men også på studiestadane i Nordland, Troms, Finnmark og Svalbard.

Samstundes har både Språkrådet og Kunnskapsdepartementet understreka at det gjeld eit 100 prosent språkkrav når det gjeld skjema og faste formular. «Lova krev altså 100 prosent bokmål og 100 prosent nynorsk i denne kategorien,» skriv Språkrådet. Her handlar det om at både vitskapleg tilsette og studentar skal få lagt forholda til rette for å bruke det språket dei ønsker utan å møte noko hinder. Her har UiT også ein veg å gå.

Troms og Finnmark mållag er glad for at UiT no grip fatt i denne saka. Både studentar, tilsette og allmenta har venta på at UiT skulle rette opp det språklege mishøvet som har vore. Vi hjelper gjerne til med vår språk-ekspertise viss det skulle vere nødvendig med litt start-hjelp.