Tom Harald Nesvik (Frp) overtek som fiskeriminister etter Per Sandberg. Eg vonar Nesvik gjer ein betre jobb enn Sandberg når det gjeld å ta vare på miljøet og livet i havet. Dette er ein heilt sentral oppgåve og stillingsinstruks for ein fiskeriminister, å sjå til at vi kan leve av fiskeri og et sunt hav også i framtida.

Medan Per Sandberg var mest oppteken av kor mykje oppdrettsnæringa i Norge skulle få lov å vekse, må Tom Harald Nesvik konsentrera seg om korleis oppdrettsnæringa si negative miljøpåverknad kan minska.

Eg kjennar Nesvik frå våre 16 år saman på Stortinget, og eg vonar eg håp om han skal bli ein god minister, sjølv om han har særs tette forbindelsar til oppdrettsbransjen.

Det er vanleg at organisasjonar og andre kjem med lange kravlister til nye statsrådar. I dag er eg styreleiar i Naturvernforbundet i Rogaland, og eg skal nøye meg med eitt einaste krav til Nesvik: Sjå til å få oppdrettslaksen inn i lukka anlegg.

Oppdrettsnæringa har i for lang tid herja fritt og gjort stor skade på miljøet. Mellom anna på villaksen. Det har i fleire tiår vore ein negativ bestandsutvikling hjå laksen. Kystfiskarar har også opplevd korleis oppdrettsnæringa har dumpa lusemiddel, med rekedød og øydelagde gyteområde som resultat. I tillegg til å truga villaksen, tosk og reker, er utslepp av pellet og avføring frå fisk i merdar, og dertil forsøpling av havbotnen, er eit anna stort miljøproblem som oppdrettsnæringa er ansvarleg for.

Slik kan vi ikkje ha det. Vi som lever i dag har eit særs stort ansvar for å ta vare på livet i havet, både av omsyn til fiskeriet og naturen sjølv, naturlegvis, men også av omsyn til kommande generasjonar, slik at dei, som oss, kan hauste og få glede av det.

Til alt hell finst det ei løysning på alle desse problema: Og det er å få laksen inn i lukka anlegg. I eit lukka anlegg til havs vil laksen korkje kunne rømme, den vil ikkje bli spist opp av lakselus, og kloakken frå anlegga kan samlast opp og nyttas som bioenergi. Eit lukka anlegg vil redda både villaksen og havbotnen vår.

Nord-Norge er hardt råka av oppdrettsnæringa. Det same er Vestlandet. Difor så eg fram te helgas arrangement i Tromsø; Fjordtoktet 2018. Her skal fiskarar, organisasjonar og andre som er opptekne av miljøet i havet diskutera korleis me best kan jobba for å laksen inn i lukka anlegg. Eg vonar å få vår nye fiskeriminister med på laget.