Det har blitt litt debatt om oppdrettsnæringa etter at kommunestyret i Tromsø gjorde sitt vedtak om å kun tillate oppdrett i lukka anlegg. Det er bra.

Oppdrett er ei stor og viktig næring i Noreg og vi treng ein god debatt om korleis denne næringa kan halde fram med å vere viktig for Tromsø og Noreg framover, men på ein måte som er berekraftig og som gjev industriell utvikling.

Kva skal så til for at oppdrettsnæringa skal ha ei framtid, ikkje berre i Tromsø, men langs heile kysten vår. Vi og næringa må løyse fire hovudproblem:

  1. Vi må sørge for at næringa ikkje har utslepp av slam og andre stoff.

  2. Vi må sørgje for å løyse luseproblema utan å bruke kjemikaliar.

  3. Vi må sørgje for fôr som ikkje bidreg til avskoging i Amazonas eller kunne vore brukt direkte som menneskemat.

  4. Vi må sørgje for anlegg som reduserer/fjernar rømming og genetisk forureining av villaksstammen.

Dette må vi gjere samstundes som dyrevelferden blir betre i næringa.

Konsekvensar for fjordane og ny teknologi

Eg trur dette lar seg løyse samstundes som vi kan få ei industriell utvikling. Dersom dette ikkje blir løyst meiner eg det er klart at oppdrettsnæringa ikkje kan vekse meir, snarare må vi redusere omfanget. Dersom vi skal få til ei løysning er eg heller ikkje i tvil om at vi må stille strengare krav til næringa. Dei krava må komme frå kommunar, fylka og frå staten, men og frå oss som forbrukarar.

I vedtaket frå kommunestyret i Tromsø er det eit krav om lukka anlegg. Men poenget er ikkje lukking, poenget er å løyse problema. Per i dag ser lukka anlegg ut til å vere den beste løysninga, men dersom andre teknologiar løyser problema så er det sjølvsagt heilt fint.

Ein større industri

Men vi må kunne samle opp slammet etter for og avføring frå fisken. Det er i alle fall tre grunnar til det.

  1. Det er eit forureiningsproblem.

  2. Det inneheld store mengdar fosfor som er ein begrensa ressurs som vi må gjenvinne, og

  3. det kan bli ein viktig råvare i anna produksjon.

Det samsvarer med Norsk Industri sitt vegkart for norsk havbruksnæring der dei skriv: «Innen 2030 må oppdrett av laks skje med en teknologi som eliminerer problemene med lakselus, hindrer rømming og tar vare pa verdien av partikulært materiale.»

NBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) har rekna ut at vi har eit teoretisk potensiale for å produsere ein terrawatttime energi gjennom biogass frå slammet, altså omtrent ein tredjedel av norsk vindkraft.

Dersom veksten i næringa skal fortsette aukar sjølvsagt potensialet. Etter biogassproduksjonen kan slammet brukast som gjødsel anten i landbruket, eller i produksjon av algar eller insekt som fôr til fisken.

Det kan vere mange andre bruksområde som vi ikkje kjenner til i dag. Gjennom å tenke sirkulær økonomi i oppdrettsnæringa på denne måten kan vi skape større verdiar enn i dag, og samstundes bli meir bærekraftige og miljøvenlege.

Eg liker å samanlikne med norsk prosessindustri. Dei har klart ei liknande omstilling. Gjennom at det vart stilt miljøkrav har vi fått ein av verdas mest miljøvenlege industriar.

Mykje av det som var avfall og forureining før er blitt ressursar i anna industri no.

Trur på oppdrettsnæringa, men dei treng press

Eg har kjempetru på dei som driv i oppdrettsnæringa vil klare dette.

Eg har tru på innovasjonskrafta deira, og eg veit at dette ikkje er nye tankar, men ting som næringa jobbar med.