Vi har to offisielle norske målformer i skolen, nynorsk og bokmål, som alle skal lære. Det kan vere gunstig å velje nynorsk som førstespråk av fleire grunnar. Dei som veks opp her nord, lærer seg å bruke ein dialekt som ligg så tett opp til nynorsk at det vil vere språkleg frigjerande å få lære seg eit så dialektnært skriftspråk.

Det viser seg òg at dei elevane som lærer nynorsk som førstespråk, har ein fordel ved at dei beherskar begge dei norske skriftspråka betre enn viss dei hadde bokmål som førstespråk.

Nynorsk har vore førstespråk i skolar i Nordland og Troms i over 100 år. Dei siste tiåra har det vore ein eller fleire nynorskklassar i fleire kommunar i Troms og Nordland. Og på denne tida har fleire hundretals barn gjennomført grunnskolen i Troms og Nordland med nynorsk som hovudmål. Det finst derfor rike og positive erfaringar med nynorsk som hovudmål i skolen.

På barnesteget er det foreldra som vel førstespråk for ungane. Dersom foreldra ønsker det, kan dei la ungen sin gå i ein nynorskklasse sjølv om dei andre på skolen har bokmål som hovudmål. Det einaste som krevst er at det er minst 10 elevar i nynorskklassen på skolen. Foreldra kan velje nynorsk på alle klassestega på barnesteget.

Det vanlege er å velje det når ein skriv inn barna til 1. klasse. Men vi har også eksempel der klassar på mellomsteget (4.-7. klasse) har gått over til nynorsk. Når foreldra skriv barnet sitt inn på skolen, skal dei krysse av for kva opplæringsmål barnet skal ha. Dei fleste kommunane bruker eit eige skjema der dette kjem fram, eller ein kan melde frå om det på anna vis. Foreldra kan òg melde frå til skolen etter sjølve innmeldinga.

Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølv kva skriftleg hovudmålsform dei vil bruke. Denne retten gjeld både dei tre siste åra i grunnskolen og i den vidaregåande skolen. Det finst eksempel på elevar her nord som har nytta seg av denne retten, og som har vore særs tilfreds med det.

Vi oppmodar flest mogeleg med norskspråkleg bakgrunn til å velje nynorsk som førstespråk for barna sine, og elevar på ungdomssteget (frå 8. klasse) og i vidaregåande opplæring kan velje nynorsk på eige hand.