Samferdselsminister Jon Georg Dale skriv i et innlegg på iTromsø at han vil ha ein velfungerande drosjemarknad i landet. Han understrekar at han vil syte for at passasjerane vil bruka den regulerte delen av næringa, samtidig som han gjer ein rekke grep for å deregulere næringa.

Me undrast. Kvifor invitere piratane inn om du ikkje vil at folk skal køyre med dei?

Dale sitt svar på det meste er som tatt ut av Frp-handboka. Meir konkurranse. Problemet er at meir konkurranse betyr fleire aktørar som igjen betyr endå fleire drosjer i ein marknad som i dei fleste norske byar er metta for lengst.

Med drosjesjåførar som er provisjonsbetalte vert resultatet som det ofte blir når Frp får styre politikken: Sosial dumping, 14-timars arbeidsdagar og svekka tryggleik for passasjer og sjåfør. For oss som jobbar i bransjen er ikkje dette definisjonen av ein velfungerande marknad. Det burde det heller ikkje vere for regjeringas representant.

Det statsråden legg opp til i sitt utkast til nye reglar for bransjen er ei rein avregulering. Det tyder tilrettelegging for fleire deltidssjåførar, avprofesjonalisering og raud løpar for såkalla innovative selskap med namn som liknar på tyske preposisjonar. Desse selskapa er no forbode i fleire land i Europa, mellom anna fordi dei har drive med skattesnusk og sosial dumping. Men Dale ønska dei altså velkommen.

Det einaste poenget Dale har er at sjåførane må ha fagkompetanse. Der er me einige. Det er faktisk noko me har jobba med i fleire år. Det ligg faktisk ein plan for fagkompetansebevis for yrkessjåførar på lette køyretøy i skuffa hans.

Den har vore i skuffa sida me fekk ei blå regjering i 2013. Ingenting har skjedd. Men Dale er tydelegvis oppteken av at prøva skal vere på norsk. Vi kan ikkje minnast at me diskuterte noko alternativ til akkurat det i arbeidsgruppa.

I staden for å føreslå meir av det vi veit ikkje verkar kunne statsråden heller lesa det me har sagt i høyringsfråsegna vår. Det næringa treng er større seriøse drosjeselskap som kan tilpassa arbeidstida til sjåførane og styre flåten etter den faktiske etterspurnaden.

Det ville løfte seriøsiteten, vere god miljø- og klimapolitikk (redusera tomkøyring) og betre arbeidsvilkåra for sjåførane.