I dag er livet til mange i Tromsø kontrollert fordi det ikkje er bompengar. I dag er lufta i Tromsø så forureina at mange ikkje kan gå på dei verste dagane. Støvplagane kontrollerer verkeleg livet til mange av dei som har astma eller andre luftvegsplagar. Ein byvekstavtale vil vere med på å sette desse fri.

Ei kvar endring, som innføring av bompengar, vil ha mange verknader. Nokre av verknadene vil vere sosialt utjamnande. Andre vil fungere i motsett retning. Eit betre busstilbod vil gje mange ein enklare kvardag og større fridom, men samstundes vil og nokre oppleve at bompengane kan bli vanskeleg å betale. For dei fleste av oss vil det bli ei irriterande ekstrautgift som vi gjerne skulle vore forutan.

Så blir spørsmålet om det vi får gjennom ein byvekstavtale med staten verd den kostnaden det vil legge på innbyggarane i Tromsø. For SV er svaret eit betinga ja. I ein situasjon der vi er inne i ei galopperande klimakrise er det heilt naudsynt å utvikle meir miljøvenlege måtar å reise og transportere oss på enn ved bruk av bil. Det betyr at fleire av oss må gå, sykle eller ta buss. Vegtrafikken i Tromsø slepp ut 61.000 tonn CO2 kvart år. Det kan ikkje halde fram.

Så kan mange hevde at når mange kjøper el-bil så løyser dette seg sjølv. Og det er riktig at bilparken er blitt mindre miljø- og klimaskadeleg enn han var. Utsleppa per kilometer går ned. Men bilkøane blir lengre, og all erfaring viser at vi ikkje kan bygge oss ut av bilkøane. Bygger du nye vegar aukar biltrafikken, og i løpet av kort tid er køproblemtikken den same som før. Det er grenser for kor mykje areal vi kan bruke til vegar i denne byen. Vi treng plass til hus, grøntområde og leikeplassar og vi treng armslag og luft som er fritt for støv.

SV meiner at byvekstavtalen som han ligg no er akseptabel, at balansen mellom kostnaden for innbyggarane i kommunen og det vi får for pengane er akseptabel. Men, vi meiner og at det er for mange store tunge vegprosjekt i pakka. Desse er svært dyre. Dersom vi tok ut nokre av desse prosjekta kunne vi anten redusert omfanget av pakka eller vi kunne fått enda fleire trygge skolevegar eller fleire og billigare bussar.

Det er nokre grupper som vil bli hardare ramma av bomengar enn andre. Ein del småbarnsforeldre er i dag avhengig av bil for å kunne rekke både barnehage og jobb. Derfor bør vi vurdere å redusere prisen i barnehagen for å kompensere for den kostnaden. I tillegg vil det bli ei prioritert oppgåve å sørge for at så mange som mogleg får barnehageplass i nærleiken av jobb eller bustad slik at behovet for å bruke bil blir mindre. Vi har og nokre som startar på jobb før bussen tar til å gå.

Eg meiner det er rett å kutte bompengar om natta i dei periodane busstilbodet ikkje er godt nok. Vi er ikkje ute etter å flå nokon. Vi er ute etter å skape ein betre by. SV jobbar for ein by der vi har fridom til å reise med buss. Der det er trygt å la ungane gå til skolen, der vi kan velje å gå eller sykle, og der det er plass på vegane for næringstrafikken og for deg og meg når vi må bruke bilen.