HELSE OG OMSORG: Det høgredominerte fleirtalet innførte denne ordninga rett før valet sist. Vi vel å avslutte dette når konsesjonane no går ut 1. september, heilt i tråd med reglement og reglar.

For kommunen er det dyrare å ha private til å drive dette tilbodet. Timeprisen for pleiarane er den same, men i tillegg kjem kostnaden til fakturabehandling, kontroll og tilsyn for kommunen.

Som ein del av økonomien er det viktig å vere klar over at det er stor skilnaden på pensjonen for dei tilsette i kommunen og dei tilsette hos Privat omsorg nord. I kommunen sparer kommunen 15 prosent av dei tilsette si løn til pensjon. Det tilsvarande hos PON er 2 prosent som er minimum som lova tillèt. Det betyr ein kjempestor skilnad på den pensjonen folk kjem til å få. SV er opptatt av at alle skal få ein skikkeleg pensjon å leve for. Det er og verd å merke seg at PON får betalt frå kommunen som om dei sparte 15 prosent av løna til pensjon. Det gjer dei ikkje! Skilnaden der er altså rein inntekt for PON

Det at tilsette melder om avvik er viktig for kommunen. Gjennom rapportering av avvik har vi moglegheit til å lære og utvikle oss. Vi kan og avsløre feil som må rettast på. Kommunen har ikkje tilgang til avvikssystemet til dei private, vi veit ikkje eingong om dei har eit skikkeleg avvikssystem. Det skaper usikkerheit om kvaliteten på den private aktøren. Spesielt er det usikkerheit om bruk av rett kompetanse.

Eigarane av «Privat omsorg nord» heiter «Helsepartner Nord-Norge». Hovudeigaren av «Helsepartner Nord-Norge» heiter «Nord Small Cap Opportunities» Dei har same eigarar som diverse oppkjøpsfond. Eigarane av «Helsepartner Nord-Norge» seier til Nord24, «På eitt eller anna tidspunkt er det nok riktig for selskapet å få nye eigarar». Eigar av Privat Omsorg Nord i siste instans er Ertvaagfamilien i Stavanger gjennom investeringsselskapet Camar AS. Dette føyer seg inn i det som vi ser i mange andre samanhengar. Investorar hentar ut profitt gjennom sal av verdiar bygd opp med skattepengane våre. Private selskap blir selt ut av landet til store internasjonale fond og salta ned i skatteparadis.

Eg vil at skattepengane våre skal gå til omsorg, ikkje til privat profitt.