I samband med utstillinga Like Betzy på Nord-Norsk kunstmuseum, som portretterer kunstmålaren Betzy Akersloot-Berg, har museet hissa på seg ein del folk.

Dei har nemleg vore så freidige og sett opp ei trekasse med eit flagg kring statuen av Roald Amundsen, og døypt verket Han Roald som Betzy. Eit hovudargument frå dei som ikkje likar stuntet, er at det er ei krenking av den opphavlege kunstnaren og kunsten.

Likevel får eg inntrykk av at det ikkje eigentleg er dette som ligg bak harmen som kjem til uttrykk både i avisa og i sosiale media.

For det er ikkje slik at desse namngjevne karane på sokkel som pregar byen ikkje blir involverte frå tid til annan i samtida dei heile tida er ein del av. Og godt er det. Dersom ikkje kunst og kulturelle uttrykk hadde det i seg å inspirere til nye kreative uttrykk – eller for å snu om på det, om ikkje folk hadde evna til å la seg inspirere av tidlegare tiders uttrykk – ville me knappast ha hatt kultur. Og den kulturen me hadde hatt ville neppe vore særleg interessant dersom han ikkje evna å vekke kjensler og nysgjerrigheit hjå fleire enn opphavspersonen.

Dette er sjølvsagt ikkje eit innlegg for å gjera permanente endringar av kunstverk eller mot opphavsretten. Det er mogleg å vera for opphavsrett og bevaring, men samstundes meine det er lov å gjera mellombels endringar. Eg kjøper som sagt ikkje heilt at det krenking av opphavsretten som er problemet her.

Til dømes: kvifor har det tilsynelatande vore heilt tyst når ei rekkje av statuane kvar haust får oransje skjerf knytt kring halsen for å rette merksemd mot Kirkens bymisjons kampanje om eit varmare samfunn? Det er stunt som endrar på utsjånaden til kjente statuar, landet rundt, i eit avgrensa tidsrom. Det er ei kampanje som har vorte kjempepopulær, og som dei fleste, inkludert meg sjølv, tykkjer er god.

Kva er skilnaden på å, i eit avgrensa tidsrom, setje ei trekasse kring Amundsen og knyt eit oransje skjerf kring halsen hans? Når det kjem til krenking av opphavsretten? Liten, vil eg tru. Kanskje vil nokon argumentere med at trekassa er større (og styggare), men i fargeval er ho langt meir diskre enn det oransje skjerfet. Er det det at folk trur Roald sjølv nok heller rusla rundt med oransje skjerf enn ville stille seg opp i det mobile atelieret, som trekassa til Betzy var? Vanskeleg å seie. Og det verkar heller ikkje så relevant om saka skal handle om opphavsrett.

Det er heilt innanfor å ikkje like Han Roald som Betzy, fordi ein ikkje tykkjer det er fint, eller ikkje fremjar bodskapen om Betzy og andre kvinner som manglar minnesmerke på ein god måte. Men å argumentere med at det krenker opphavsretten verkar søkt. Sjølv syns eg det er kult, både for å sjå Roald på ein annan måte, men mest for å bli minna på kor sjeldan me ser namngjevne kvinner på sokkel og for å bli kjend med kvinner som skulle hatt større plass i vårt offentlege rom.

Eg kunne sagt at eg blir krenkt kvar gong eg gjeng gjennom Tromsø sentrum og berre møter minnesmerke som heidrar menn. Men det er ikkje sant. Eg blir ikkje krenkt av det. Ikkje fører ei slik eventuell krenking til noko endring heller – det blir ikkje fleire namngjevne kvinner på sokkel av det.

Nord-Norsk kunstmuseum syner òg at dei ikkje blir krenkte. Dei gjer noko med saka, sjølv om det berre er eit midlertidig stunt. Takk!