Eg vart verkeleg glad då eg sette meg til iPaden min og opna nettsidene til UiT. For blant dei første 15 nyhenda som dukka opp, fenga to titlar, «UiT har fått to nye meritterte undervisarar» og «Trenar på fødselshjelp». Det var dei nynorske titlane og eit gjennomført språk som fanga merksemda mi. Blant dei neste 15 oppslaga er det også to nynorskartiklar. 10-15 prosent nynorsk blant nyhenda er ikkje verst.

Lenger ned på nyhendesida dukkar det opp ein lengre artikkel om grunnleggaren av UiT, Peter F. Hjort, med tittelen «Grunnleggaren». I eit sidevindauge dukkar også tidlegare rektorar opp, som Narve Bjørgo, Ole D. Mjøs og Tove Bull. Eg nemner desse fordi dei i over 15 år var med på å opne UiT med eit nynorsk vindauge og viste UiT som ein nynorsk døropnar i nord. Ein og annan gong i fremste rekke, men alltid velviljug med på det nynorske laget. Nynorsken har heile tida vore sjølvsagt ved UiT.

Likevel skurrar det under overflata. Språkrådet har tidlegare kritisert UiT for dårleg oppfølging av målloven, og UiT har med få unntak ikkje vore i fremste rekke med å sleppe nynorsk til som fagspråk og studiespråk. I januar 2019 sendte UiT inn ein ny rapport om språkbruken, og sjølv om utgangspunktet er dårleg, er her lyspunkt. Tilbakemeldinga frå UiT viser at nettsidene ikkje fyller lovkravet om 25 prosent nynorsk, men 6-12 prosent kan lett doblast. Det viser i alle fall talet på nynorske pressemeldingar, som ser ut tik å vere etter lovkravet, og nynorskartiklar i FoU-magasinet «Podium» følgjer like under. Gratulerer!

UiT er dessverre ikkje så flinke til å bruke nynorsk i sosiale media, og internt har nok UiT ein lang veg å gå. Her er nemleg nærmast kjemisk fritt for nynorsk i studiekatalogar, og januar-rapporten fortel ikkje korleis dei tilsette og studentane som bruker nynorsk, blir tatt vare på i organisasjonen.

UiT skal ha skryt for at dei har sett i verk tiltak for å betre språkstoda, men det kan sjå ut som det har stoppa litt opp. Sjølv om UiT kan melde at dei har hatt fleire tilsette på nynorsk-kurs, er her ein lang veg å gå.

Vår oppfordring går derfor til rektor, direktør og leiinga ved dei ulike studiestadene: Gå føre med eit godt eksempel, følg opp målloven ved å bruke mest mogeleg nynorsk i intern og ekstern kommunikasjon. Det er bra at det jamleg er nyhendeartiklar på nynorsk, men det talet bør doblast. Og internt kan det sjå ut som UiT har ein lengre veg å gå før dei er i mål med språkjamstellinga.