Kristin Krohn Devold, direktør i NHO, likte ikkje at eg har tatt til ordet for ein begrensa turistskatt i Tromsø. Hovudargumentet hennar ser ut til å vere at vi ikkje skal skattlegge det vi vil ha meir av.

Det er eg i utgangspunktet samd med Devold i, men turismen kan ikkje vekse ukontrollert, verken i Tromsø eller andre stader. Vi må finne balansen mellom vekst og å kunne legge til rette for turismen på ein god måte.

Dersom vi ikkje maktar å legge til rette på ein god måte skaper vi konfliktar mellom oss som bur i Tromsø og turistane, og dersom vi ikkje klarer å sørge for å legge til rette for turistane vil dei ikkje ha ei god oppleving i Tromsø.

Det vil spreie seg og fort føre til at det ikkje blir så mange turistar i Tromsø likevel. Eg meiner bestemt at 20 kroner per natt i turistskatt ikkje hindrar nokon å komme til Tromsø. Eg er og ganske sikker på at vi vil få fleire og betre betalande turistar til Tromsø om vi har økonomisk rom til å legge godt til rette for gode opplevingar.

Devold hevdar i sitt innlegg at ein turistskatt vil bli konkurransevridande til ulempe for hotella. Det føreset at turistane som bur gjennom AirBnb og andre ikkje skulle betale. Det har eg aldri meint. Det er sjølvsagt at ein turistskatt må gjelde for alle kommersielle overnattingar, anten dei bur på hotell eller gjennom AirBnb.

Ein turistskatt vil kunne finansiere utfartsparkering og toalett. Det vil gje ei betre oppleving for turistane og mindre konflikt med lokalbefolkinga. Ein turistskatt vil kunne finansiere ei forskjønning av sentrum og betre tilrettelegging både for fastbuande og tilreisande.

Vi kan bruke ein turistskatt for å legge til rette for dei tilreisande og for oss som bur her. Det vil vere ein fordel for alle.