Som unge sat eg på rommet mitt og teikna trasear i ein gamal atlas til Tromsø, Kirkenes og ja til Lofoten. Det er fantastisk gledeleg å sjå den støtta prosjektet har frå folk og politikarar i Tromsø og resten av landsdelen.

Lokalpolitikarane køyrer facebookannonsar med støtte til prosjektet. Det er heilt vedunderleg gledeleg. Det gjev tru på at jernbanen kan bli noko av. Samstundes er det viktig å minnest at dei fleste av desse politikarane har ein stor jobb å gjere i eigne parti for å få gjennomslag. Enno har vi ikkje sett same entusiasmen frå leiande folk på Storting og i regjering. Så vidt eg veit er det berre SV som har programfesta bygging av jernbane til Tromsø og til Kirkenes (frå Rovaniemi). MDG er dei som kjem nærmast. Dei har programfesta ei konsekvensutgreiing av jernbane til Tromsø.

I SV heiar vi på alle som jobbar for Nord-Noregbanen, og eg håper verkeleg at alle dei som roper høgt halleluja no vil stå på i eigne parti. Der må kampen vinnast om vi skal få realisert prosjektet.

For ein nordnoregbane er ikkje distriktspolitikk. Det er ikkje ein politikk for Nord-Noreg. Det er eit nasjonalt prosjekt for binde landet saman og for å utvikle landet. Ein ny jernbane vil gje lettare tilgang til internasjonale marknadar for nordnorske bedrifter.

Men det vil og utvikle landsdelen. Ei reisetid på halvanna time frå Tromsø til Narvik og 3,5 tima Tromsø til Bodø vil skape ein heilt ny region og nye lokale marknader, bu- og arbeidsregionar. Det vil binde oss saman. Til samanlikning tar det 3,5 tima å køyre til Narvik og over åtte timar til Bodø. Ein jernbane vil gjere Bodø, Narvik, Harstad og Tromsø større, men vil og gje alle stadane rundt byane ein større arbeidsmarknad og legge grunnlaget for ny vekst.

For SV er nordnoregbanen eit nasjonalt prosjekt, for å styrke Nord-Noreg og heile landet.