Debatt:

Stor vekst i næringslivet med SV

SV er eit parti for næringslivet, fordi vi veit at eit suksessfylt næringsliv blir betre i eit samfunn med sterke fellesskap, velferd for alle og små skilnader mellom folk.

Pål Julius Skogholt 

meninger

Så kva har skjedd dei åra vi har styrt Tromsø saman med Ap og Raudt? Jo, det har vore ein kraftig vekst i privat næringsliv. Frå første kvartal 2016, som er så langt bak statistikken til SSB går, til første kvartal 2019 er det blitt 2.333 fleire arbeidsforhold i næringslivet i Tromsø (Statistikk 11653 frå SSB). Det er ein vekst på 10 prosent. I same periode er veksten nasjonalt på 5 prosent. Tromsø under sosialiststyre er altså dobbelt så gode som resten av landet til å skape arbeidsplassar i privat sektor.

Næringsforeninga i tromsøregionen starta eit prosjekt i 2018 for 2.000 nye arbeidsplassar innan 2022. Vi heier på dette prosjektet, og meiner at det raud-grønne styret har rett politikk for å nå dette målet. Det vises gjennom at det på dei tre siste åra nettopp er skapt over 2.000 nye arbeidsplassar i Tromsø.

Vi skal sjølvsagt ikkje ta ansvar eller æra for alle desse arbeidsplassane. Det er produktive arbeidsfolk, folk med gode idear og initiativ som har skapt desse arbeidsplassane. Men, ingen kan hevde at ikkje vi i Tromsø legg til rette for, oppmuntrar og heier på gode bedrifter.

Det er kjent frå forskinga at små skilnader, gode velferdsordningar og fellesskapsløysningar legg til rette for privat vekst og produktivitet. Derfor vil venstresidas løysningar ofte vere svært gode også for privat næringsliv.

Så er sjølvsagt ikkje alt perfekt i Tromsø. Vi kan bli betre på fleire ting for å legge til rette for gode arbeidsplassar. Vi treng meir næringsareal, vi treng ein byvekstavtale som fjernar køkostnadar for næringslivet og kommunen kan bli betre på innovative innkjøp som kan vere med å utvikle lokalt næringsliv Her skal SV spele på lag også dei neste fire åra.

I tillegg skal vi halde fram arbeidet med gode skolar, gode kulturtilbod og gode omsorgstenester. Det treng vi for å tiltrekke oss og halde på alle dei folka som skal bygge og utvikle både offentleg og privat sektor i Tromsø.