Tromsø er i ein god situasjon. Vi veks med cirka tusen innbyggarar kvart einaste år. Det gjer oss til ein av dei raskast veksande kommunane i landet.

Det er bra at folk vil flytta hit. Samtidig aukar det sjansen for at vi blir ein klassedelt kommune, og for at vi får fleire miljøproblem. Spørsmålet for Tromsø dei neste fire åra er korleis vi kan veksa på ein inkluderande måte, utan at det gir oss større miljøutslepp.

Vi har allereie voksesmerter. Morrakøen på Kvaløysletta strekk seg lengre for kvart år som går. No rekk den nesten til Eide Handel. Fleire plassar i Tromsø er trange bustadgater fulle av bilar i rushtida. Tønsnesvegen og Senjaveien er to av mange eksempel.

Fleire av vegane våre er gamle og ikkje er bygd for det talet biler som køyrer på dei no. Vi risikerer dei neste åra at transportsystemet vårt blir eit stort hinder for utvikling. Vi får lange køar, fleire trafikkulykker, utrygge skolevegar og fleire miljøproblem. Derfor treng vi å investere i infrastrukturen til kommunen.

Det klarer vi berre gjennom å få på plass ein byvekstavtale der vi prioriterer det viktigaste først. Vi må bygge trygge skolevegar, og vi må ha eit busstilbod som gjev folk eit reelt alternativ til bilen. Saman med å gjere det enklare å gå og sykle frigjev vi plass på vegane for næringstrafikk og for dei som må køyre.

På grunn av høg etterspørsel etter bustader, har vi ein av dei sterkaste bustadprisvekstane i heile landet. Allereie no ser vi teikn til at Tromsø er ein klassedelt kommune, der berre folk med høge inntekter har råd til å bu, og der folk med låge inntekter blir pressa ut.

Viss vi ikkje gjer noko, vil dette klasseskiljet berre veksa seg større. Eit Tromsø som berre er for rikfolk, er eit fattigare Tromsø. SV meiner at kommunen må ta eit større ansvar for bustadbygging i kommunen.

Andre byar som har vakse raskt, har løyst det med å spreia seg ut. Det gjer folk meir avhengige av bil, og det gjer at kommunen som heilskap får høgare utslepp av klimagassar. Derfor vil SV bygge byen i Tromsø tettare.

Samtidig opplever folk det som uforutsigbart kvar det blir bygd høgt. I Tromsø har det blitt vanleg for innbyggarar å vakna opp og lesa i avisa at dei skal få ei svær blokk rett utanfor vindauget, der dei i dag har utsikt og sol.

Tromsø treng ein plan for korleis vi både kan fortetta, og samtidig gjera det forutsigbart for folk. Viss ikkje risikerer vi å bli ein by der utsikt, tilgang til sol og tilgang til fjæra berre er for dei som har råd til å kjøpa toppetasjen i dei dyraste leilegheitskompleksa.

Dei siste åra har det blitt 2333 fleire arbeidsforhold i næringslivet i Tromsø. Denne flotte veksten viser at Tromsø er ein attraktiv by med mange flinke, initiativrike og dyktige folk i mange ulike sektorar. For SV skal vi støtte opp om desse som bygger næringsverksemd kvar dag. Vi skal sørge for tilstrekkelege næringsareal, eit kulturtilbod som gjer at folk trivst i byen og vil flytte hit og ein infrastruktur inkludert nord-noregbanen som reduserer kostnaden for næringslivet.

Vi treng at innbyggarar engasjerer seg, og seier ifrå korleis dei vil ha det. Frå SVs side lovar vi å lytte, og bruke det vi høyrer til å utvikla kommunen på ein måte folk ønsker.