Hver dag opp mot valget publiserer iTromsø en valgkronikk, der vi har invitert partiers førstekandidater til å skrive en kronikk for avisens lesere.

Navn: Pål Julius Skogholt

Alder: 47

Sivilstatus: Gift og har tre barn

Yrke/utdanning: Master of Marine Management

Bosted: Mortensnes

Transportmiddel til jobb: Som oftast sykkel

----

Her om dagen hadde eg ei skikkeleg tromsøoppleving. Eg var å sykla litt i marka nord på øya, og prøvde nye stiar. Plutseleg gjekk det opp for meg at eg hadde «gått meg vill».

Eg visste ikkje heilt kvar eg var, og såg ikkje eit einaste hus eller liknande. Så der var eg, ganske midt i byen og bortsett frå litt fjern motordur så var eg midt i naturen.

Det er ein fantastisk verdi for oss som bur i Tromsø at vi har Tromsømarka og at den framleis har eit slags villmarkspreg nokre plassar. Desse opplevingane vil vi i SV ta vare på. Det å sikre nærnaturen på Tromsøya, på fastlandet og på Kvaløya er kjempeviktig.

Vi skal ikkje gje utbyggarane fritt leide. Tvert i mot vil vi sikre grensane for marka også for framtidige generasjonar slik at også ungane mine kan oppleve at Tromsømarka er mykje meir enn ein park.

Eg fann forøvrig fort ut kvar eg var, og endte opp i Hamna i staden for på ridestien. Ingen dårleg dag det.

Vi har to store utfordringar for miljøet. Det eine er å ta vare på naturmangfaldet og naturen. Men klarer vi ikkje få gjort noko med klimaendringane, blir og naturmangfaldet øydelagt.

I Tromsø var utsleppa av CO2 238.000 tonn i 2017. Det er sjølvsagt lite samanlikna med Kina eller USA, men vi må alle gjere vårt. Vi kan ikkje late som det er andre sitt ansvar. I Tromsø er utsleppa frå skipsfart og frå vegtrafikk dei to største sektorane. Derfor må vi ta tak i desse områda.

SV vil prioritere å få på plass landstraum for alle båtar som kjem til Tromsø. Den største enkeltutfordringa er sjølvsagt cruiseskipa – først og fremst fordi dei krev enorm mengde kraft. Eit landstraumanlegg for cruiseskip kan koste opp mot 100 millionar. Det er likevel ei naudsynt investering. Heldigvis er Tromsø Havn komen i gang med planlegging og eg er trygg på at vi skal få det på plass.

Men vi kan ikkje stoppe der, også alle andre skip og båtar som kjem til Tromsø må få tilbod om landstraum. Det må følgjast opp med ein klar prisskilnad på å bruke hamna basert på miljøbelasstninga eit skip har.

Vegtrafikken er den andre store utsleppskjelda til CO2 og støv. Vi kjem derfor ikkje utanom å redusere utsleppa frå vegtrafikken. Noko kjem av seg sjølv gjennom betre bilar og elektriske bilar, men andre tiltak må og til.

Derfor er det heilt naudsynt for Tromsø å få på plass ein byvekstavtale som gjer det mogleg for oss å satse enno meir på buss, trygge skolevegar og gode tilhøve for dei som går og syklar og også betre vegar for næringsliv og dei som må køyre.

Der veksten i utslepp har vore størst dei siste åra er likevel kategorien «Annen mobil forbrenning». I Tromsø er dette i all hovudsak ulike dieseldrivne motorreiskap. Det har sannsynlegvis samanheng med den store byggeaktiviteten i Tromsø.

Det er veldig positivt med høg aktivitet, vi treng fleire bustader til folk. Men det krev og av oss at vi må gjere noko med utsleppa frå denne aktiviteten.

SV meiner derfor at kommune må stille krav til fossilfrie byggeplassar i kommunen – i første omgang i eigne prosjekt.

Oslo har gått i front her, og gjennomført fleire fossilfrie prosjekt. Desse er evaluert av Multiconsult, og erfaringane er i hovudsak positive.

Klimaendringane krev mykje av oss. SV vil jobbe steinhardt for dei tiltaka som verkeleg monnar. Håper du blir med oss på det.

Tidligere valgkronikker i høst: