iTromsø publiserte i tirsdag kveld eit oppslag om ein søknad frå Norsk Bane AS om støtte til ei ny jernbaneutgreiing. Der heiter det mellom anna at Jernbaneutvalet i Tromsø kommune stiller seg avvisande til søknaden. Faktum er at Jernbaneutvalet aldri har gjeve ei slik fråsegn. Det avisa refererer, er ein epost frå Terje Traavik til ordførar Gunnar Wilhelmsen, sendt 31. oktober. Men eposten var ikkje godkjent av Jernbaneutvalet og var heller ikkje ført opp som orienteringssak i sakslista til utvalets møte 14. november.

Innhaldet i eposten bør likevel ikkje stå uimotsagt. Jernbanedirektoratet la i sommar fram ei utgreiing med ein klar, negativ konklusjon om Nord-Norgebanen. Utgreiinga fekk mykje velgrunna kritikk, mellom anna frå alle regionråda i Troms fylke, som støtta høyringsfråsegna frå Tromsø kommunes jernbaneutval. Jernbanedirektoratet har i liten grad tatt kritikken på alvor og meiner framleis at ein «har fått fram det viktigste», nemleg at Nord-Norgebanen «blir svært kostbart og har en svak samfunnsøkonomi», for å sitere direktoratets uttalelsar til Jernbanemagasinet i oktober. Dersom dette blir ståande som fasit, vil Nord-Norgebanen aldri koma forbi utgreiingsstadiet.

Det vil derfor kunne vera ein strategisk bommert å vente på nye rapportar frå statleg hald, særleg når Tromsø kommune no har moglegheiten til å få gjennomført ei alternativ utgreiing med ei breiare tilnærming og på eit meir detaljert nivå enn det Jernbanedirektoratet leverte. Søknaden frå Norsk Bane AS er presis og forpliktande i skildringa av det planlagte, omfattende utgreiingsarbeidet og bør få ei grundig behandling i Tromsø kommune og andre stadar.

Utfordringa er sjølvsagt at utgreiinga bør vera ferdig innan Stortinget skal behandle ny Nasjonal Transportplan (NTP) i vårhalvåret 2021. Norsk Bane AS hadde eit første møte om det planlagte utgreiingsarbeidet med mellom anna politisk leiing i Tromsø kommune 19. august i år. Det er tre månadar sidan no, men val og påfølgande forhandlingar og konstitueringar har forseinka prosessen. For likevel å kunne ha moglegheiten til levere i tide, har Norsk Bane i september gjennomført ei fysisk befaring av aktuelle trasear. Men det byrjar å bli knapt med tid viss ein skal kunne koma i mål innan Stortingets NTP-behandling.

Me har venta på ei skikkeleg utgreiing av Nord-Norgebanen i snart hundre år, me bør i det minste gjera ei grundigare vurdering av kor vidt Norsk Bane AS kan gje oss dette.