Basert på forskinga til Noregs fremste miljø på vasskraft, Hydrocen, vil eg halda fast på mi vurdering at ein kan få opp mot 15 TWh ny kraft frå gamle kraftverk utan vesentlege naturinngrep. Ut over nye og meir effektive turbinar og generatorar, kan det for eksempel dreie seg om å utvide tunnelar for å redusere friksjonen. Rypdal og eg ser ut til å vera samde om at det krevst økonomisk stønad for å få gjennomført slike tiltak, og det må regjeringa og Enova snarast ta tak i. Eg held fast på at NVE ikkje har gjennomført ei reell vurdering av potensialet for oppgradering av gamle kraftverk, og at NVE snarast bør be Hydrocen om å vidareføre arbeidet for å få enno betre tal på bordet.

Til samanlikning er vindkraft støtta opp økonomisk, både med direkte subsidiar, som kort avskrivingstid og låge skattar, men også med at ho ikkje må svare for store skjulte utgifter som blir belasta samfunnet. Viktige døme er kostnaden til balansering av den ustabile krafta og verdien av øydelagde naturområde. Vindkraft er både kostbart for samfunnet, og negativt for naturmiljøet.

Rypdal er usamd i at ein kan fase ut fossil energi utan ny vindkraft, fordi halvparten av norsk energibruk er fossil. Det Rypdal ikkje seier, er at ein stor del av den fossile energien er råvarer til industrien, som kol til smelteverka, gass til plastproduksjon etc. I tillegg er elektrisitet mykje meir effektiv enn fossil energi. Eit døme er ein elektrisk motor med verknadsgrad på over 90%, mens ein dieselmotor har verknadsgrad rundt 35%. Med bakgrunn i dette, seier Statnett at 40 TWh elektrisitet er tilstrekkeleg til å fase fossil energi i Noreg, medrekna 12 TWh til anlegga på Nordsjøen.

Eit scenario for å erstatte fossil energi med fornybar elektrisitet fram mot 2030 kan vera slik: 10 TWh energisparing i bygg (regjeringas lovnad), 15 TWh oppgradering av gamal vasskraft (Hydrocen), 4 TWh meir kraft på grunn av meir nedbør (NVE), 11 TWh frå kraftverk under bygging (NVE) og dagens 10 TWh netto eksport (NVE). I alt 50 TWh, meir enn det Statnett seier at er nødvendig for å fase ut fossil energi. Potensialet for energisparing i industrien har eg ikkje medrekna, då industrien eventuelt kan bruke frigjort energi til auka produksjon. I tillegg kan vi diskutere kor rett det er å bruke store summar på å elektrifisere sokkelen. Om ein ikkje gjer det, blir overskotet enno 12 TWh større.

Jo, det er mogleg å erstatte fossil energi i Noreg utan å byggje fleire vindkraftverk, ved verkeleg å satse på energieffektivisering. Ut over det som trengst til å erstatte fossil energi, får vi kraft som vi for eksempel kan bruke til utvikling av industri og til å leggja ned vindkraftverk og starte arbeidet med å restaurere inngrepa i naturen.