Debatt:

Stans Skottlandskabelen

Det er grunn til å vera skeptisk, både til påstanden om 2 millioner tonn redusert utslepp i Storbritannia og til 0,5 kilo CO²/kWh redusert utslepp ved eksport til kontinentet, då EUs kvotesystem kan føre til at frigjort CO²-utslepp ein stad, blir brukt til å auke utsleppet andre stadar.
meninger

Marknadsdirektør Toini Løvseth i Energi Norge hevdar 31. desember 2019 at Skottlandskabelen NorthConnect bør bli bygget, fordi den vil redusere utsleppet av klimagass med 2 millioner tonn CO² i året.

Mads Løkeland-Stai 

Jan Haugen 

Det Løvseth ikkje skriv, er at NVE har rekna ut at kabelen samtidig vil føre til ca 7,9 TWh mindre kraft netto eksportert til andre land enn Storbritannia i 2025. NVE har tidlegare hevda at eksportert kraft til kontinentet vil føre til ca 0,5 kilo mindre CO²-utslepp per kWh, fordi den erstattar kraft produsert på fossilt råstoff. 7,9 TWh kraft til kontinentet kunne dermed ha redusert utsleppet på kontinentet med 4 millionertonn CO².

Med andre ord vil kabelen til Skottland føre til 4 – 2 = 2 millioner tonn auka utslepp av CO² årlig, ikkje 2 millioner tonn redusert utslepp, slik Energi Norge hevdar.

Det er grunn til å vera skeptisk, både til påstanden om 2 millioner tonn redusert utslepp i Storbritannia og til 0,5 kilo CO²/kWh redusert utslepp ved eksport til kontinentet, då EUs kvotesystem kan føre til at frigjort CO²-utslepp ein stad, blir brukt til å auke utsleppet andre stadar.

Men Skottlandskabelen vil uansett føre til auke i utsleppet av klimagass, fordi den i realiteten flyttar kraft frå eit område med høg andel CO²-utslepp i elektrisitet (kontinentet) til eit område med lågare andel (Storbritannia).

Kabelen fører også til høgare elpris, opp mot 3,4 øre/ kWh i følgje NVE, medrekna nettleige. Denne og andre kablar, som fører til auka elpris, aukar risikoen for utflagging av metallproduksjon o.a. frå Noreg til andre land.

Å flytte produksjon av silisium etc til Kina, vil føre til enorm auke i utsleppet av klimagass internasjonalt, då utsleppa i Noreg er ein brøkdel av det internasjonale gjennomsnittet. I tillegg vil slik utflagging av industri vera katastrofal for mange lokalsamfunn og Noreg totalt sett. Auka elpris fører også til større press for å byggje ned norske naturområde med vindkraft.

Alt i alt, Skottlandskabelen NorthConnect er ei klimaversting som ikkje bør bli bygget.