Det er ikkje i alle situasjonar vi kan bruke dialekten vår. Når ein skal velje eit skriftspråk som stør opp under dialekten, er ikkje spranget særleg langt til det nynorske skriftspråket. Dei nordnorske dialektane ligg så tett opp til nynorsk at det vil vere språkleg frigjerande å få lære seg å bruke eit så dialektnært skriftspråk.

I over hundre år har foreldra valt nynorsk som hovudspråk for barna sine i skolar i Nordland og Troms. Og dei siste tiåra har det vore ein eller fleire nynorsk-klassar i fleire kommunar i Troms og Nordland. Det gjer at fleire hundre barn har hatt nynorsk som hovudspråket sitt i grunnskolen i desse fylka. Erfaringane med nynorsk er positive for dei som tidlegare har valt dette.

Foreldra vel førstespråk for ungane sine på barnesteget. På ein bokmålsskole krevst det minst 10 elevar for å få til ein nynorsk-klasse. Og når ein først har valt nynorsk, får elevane ha dette på heile barnesteget. Det vanlege er å velje hovudmål frå første klassetrinn, men det finst også eksempel på at minst 10 elevar på mellomsteget har gått over i ein nynorsk-klasse.

Frå og med 8. klassetrinn kan kvar enkelt elev sjølv velje om dei vil ha nynorsk til hovudmål, her er det ikkje noko grense på ti elevar. Denne retten gjeld også i den vidaregåande skolen. Det finst eksempel på elevar her nord som har nytta seg av denne retten, og som har vore særs tilfreds med det.

Vi oppmodar flest mogeleg med norskspråkleg bakgrunn til å velje nynorsk som førstespråk for barna sine, og elevar på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring kan på eige hand velje nynorsk som hovudmålet sitt.