I klimarekneskapen har vi ikkje råd til ei kraftig auke i antall passasjerar ved Tromsø lufthamn

Klarer vi å fortelje våre barn, barnebarn og oldebarn at vi gjorde alt i vår makt for å avgrense klimaendringane då vi hadde sjansen, spør Netland.

700.000 FLEIRE PASSASJERAR: Avinor opplyser at den nyleg annonserte milliardinvesteringa ved Tromsø lufthamn vil kunne auke kapasiteten med 700 000 passasjerar i året..  Foto: Avinor

meninger

Skrevet av Kjell Øystein Netland, Varamedlem for MDG i kommunestyret i Tromsø.

Eit viktig premiss for politikken til Miljøpartiet de Grønne (MDG) i Tromsø er målet om 85 prosent reduksjon i klimagassutslepp innan 2030 (som er vedtatt i Tromsø kommune sin klima-, miljø- og energiplan). Dette er eit ambisiøst og krevjande mål, og vil påverke mange av vala vi står ovanfor i dag og i framtida.

Vi må med andre ord kutte kraftig i våre utslepp av klimagassar, i alle sektorar. Innføring og oppfølging av klimabudsjettering i Tromsø kommune vil vere eit sentralt verktøy for å klare dette. Ein bør kunne forvente at alle sektorar tar tak for å kunne klare å kutte så mykje, og luftfarten er ingen unntak.


«Arbeiderpartiet er klare på at vi fullt ut støtter å bygge ut lufthavnen»

Topp-politikere i Ap mener kritikken som har kommet etter at partiets representant i et utvalgsmøte stemte mot å forlenge rullebanen på Langnes er storm i et vannglass.


Avinor opplyser at den nyleg annonserte milliardinvesteringa ved Tromsø lufthamn vil kunne auke kapasiteten med 700 000 passasjerar i året, altså ca. 30 prosent meir enn antall passasjerar i 2019. At fasilitetane ved flyplassen blir betre er fint.

MDG meiner at vi ikkje har råd (i klimarekneskapen) til ei kraftig auke i antall passasjerar ved Tromsø lufthamn. Dette fordi vi stiller oss tvilande til at ein potensiell auke i antall passasjerar på ca. 30 prosent ikkje vil føre til auka klimagassutslepp.

For sjølv om ein kan anta at nyare flytypar er meir drivstoffgjerrige, at vi klarer å ha meir fulle fly, at deler av kortbanenettet blir elektrifisert og at ein auke i antall direktefly til Tromsø vil føre til meir effektive personkilometer, så stiller vi oss tvilande til at dette er tilstrekkeleg for å oppveie klimagassutsleppa som ein auke på 30 prosent i antall passasjerar vil føre med seg. Om nokon kan legge fram tal som viser det motsette, vil vi gjerne sjå dette.


Debatt:

Mangel på politisk styring setter utvidelsen av flyplassen på spill

I flere år har ulike politiske regimer, politikere, næringslivet og samfunnsaktører arbeidet for en utvidelse av Tromsø Lufthavn, skriver Høyres gruppeleder, Sebastian Henriksen.


Vi utfordrar difor Avinor til å gjennomføre ei utrekning av kva klimaeffektar dette kan ha, og at ein i denne utrekninga tar med alle momenter om ny teknologi, betre plassutnytting på fly, redusert behov for mellomlanding og ein forventa auke av passasjerantal. Vi trur at samla sett vil desse faktorane, i beste fall, føre til null auke i klimagassutslepp.

Men har vi likevel råd til å tillate at potensielt manglande kutt i klimagassutsleppa til luftfartssektoren, når vi samtidig skal redusere lokale, nasjonale og globale utslepp kraftig dei neste 10 åra?

Korleis har Tromsø kommune i så fall tenkt å kompensere for dette i andre sektorar for å nå målet om 85 prosent kutt?

Turismen er ei viktig næring for Tromsø-regionen og MDG ynskjer framleis turistar velkomne nordover, men vi må stille spørsmål om veksten i næringa er berekraftig. Det er nok naturleg å anta at turisttrafikken vil auke med auka kapasitet ved terminalen til Tromsø lufthamn og særleg dersom lengre rullebane vil gjere at vi kan ta imot større fly.


Debatt;

«Flere må ta buss til flyplassen»

Morten Skandfer (V) er glad for flyplassplanene i Tromsø.


Er det riktig av oss å legge til rette i enda større grad for å fly inn turistar frå fjerne strøk og dermed etterlate store klimagassutslepp frå flyginga? Er Tromsø som kommune klar for å ta i mot enda fleire turistar? Kunne vi i staden prøve å få dei som først ha tatt fly hit til å vere her lenger og dermed legge igjen meir pengar?

I det såkalla grøne skiftet er det mange slik store spørsmål vi må stille oss. Korleis klarer vi å omstille oss for å avgrense klimaendringar vi ser allereie i dag og som vi svært sannsynleg vil merke enda meir av i framtida?

Klarer vi å fortelje våre barn, barnebarn og oldebarn at vi gjorde alt i vår makt for å avgrense klimaendringane då vi hadde sjansen?

Eg er usikker.


Widerøe kutter flyavganger fra Tromsø

Widerøe reduserer tilbudet på kortbanenettet med 4.000 avganger i året, og begrunner kuttene med økte avgifter, svekkelse av kronen, og markedsutviklingen i Norge.