Debatt:

Kvifor ikkje Arctic Center? 

Åsne Ø. Høgetveit og Ingrid Hovda Lien i Tromsø SV forklarer i dette leserinnlegget hvorfor de ikke kan godta en Arctic Center-utbygging i Håkøybotn.

PLANLAGT: Skianlegget og hyttelandsbyen til Arctic Center i Håkøybotn Illustrasjon: Arctic Center 

meninger

Me er mange som drøymer om kor fint det kunne vore å hatt ei hytte ikkje alt for langt unna der me bur, med tilgang på både alpinbakke om oppkøyrde langrennsløyper.

Eller, om så berre eit litt større alpinanlegg enn det me har i Kroken. Og slik kan planane til Artic Center i Håkøybotn og på Finnheia verke heilt midt i blinken – det er jo liksom eit ledig område. Det er berre det at dette området ikkje er nokon kvit flekk på kartet i dag. Det er eit ynda friluftsområde både sommar og vinter, her er eit sårbart dyreliv og viktige kulturminne, og naturområdet i seg sjølv er viktig.


Arctic Center i Håkøybotn fikk tommel ned i miljøutvalget

Både alpinanlegget og –landsbyen ble stemt ned med fem mot fire stemmer. Saken avgjøres i kommunestyret.


I dei over 800 sidene med saksframlegg og vedlegg som høyrer til sakene som no skal opp i kommunestyret, peikar administrasjonen på dei mange negative konsekvensane av særleg hytteutbygging i området.

Området kring Finnheia er for det meste myr og våtmark. Dette er eit type område me har vorte meir opptekne av dei siste åra. I Klima-, energi og miljøplanen til kommunen har me faktisk vedteke at kommunen ikkje skal tillate meir nedbygging av våtområde. Å gå for ei hytteutbygging på Finnheia ser me som eit brot på dette vedtaket.


Er Arctic Center mulig å gjennomføre?ann-siss

Ann Sissel-Enoksen mener inngrepet i naturen er for stort for at senteret kan la seg gjennomføre slik det er planlagt i dag.


Myrane våre er viktige for å halde på CO2 og for ei rekke sårbare artar. I området er det ikkje kartlagt såkalla raudlista artar, men naturområdet som type er rekna som svært verdfullt. I tillegg trekker både elg og rein i området.

Det er gjort utrekningar i det aktuelle området på Finnheia som tydar på at ei hytteutbygging her vil føre til eit utslepp på 35 000 tonn CO2. Det er det same som halvparten av det bilane årleg slepper ut i Tromsø. Utslepp på denne storleiken til dette formålet passar dårleg med dei overordna måla me er nøydd til å nå for å berge livsgrunnlaget vårt i framtida. Det er òg vanskeleg å sjå at måla om nullvekst i personbiltrafikk let seg kombinere med måla for utbyggingsplanane.


Arctic Center på Finnheia - vi må ta innover oss kunnskap

Derfor vil Miljøpartiet de grønne stemme mot Arctic Center på Finnheia.


I saka vert det lagt opp til 347 private fritidsbustadar, i tillegg eit uvisst tal kommersielle utleigeeiningar (opp til 43 500 m2 BRA), til samanlikning vert det no bygd 440 bustadar i den nye bydelen på Vervet (utanom hotellet). Til skilnad frå Vervet, skal det store fleirtalet av desse fritidsbustadane ikkje vera blokker. Hyttefeltet vil absolutt dominere i landskapet og laga mykje trafikk.

Tromsø har vorte eit populært reiselivsmål, på grunn av nærleik til naturen, nordlys, og ein kompakt by med eit rikt kulturliv. Me som har valt å bu her verdset stort sett dei same tinga som dei som har lyst å besøke oss. Men det er me som bur her som har det største ansvaret for at måten me brukar og forvaltar naturen kring oss skjer på ein berekraftig måte.


Sametinget klar for mekling om Arctic Center: - Vi leverer ikke ubegrunnede innsigelser

Sametinget mener Arctic Center har gjort dårlig grunnarbeid, når de vil lage hyttelandsby og alpinanlegg i områder med reindrift og samiske kulturminner.


Det er mange som er gode på dette innom reiselivsnæringa i dag. Vidare meiner SV at kommunen bør satse på å gjera naturområde tilgjengeleg for bruk som ikkje øydelegg, forsøplar eller slit ned særleg sårbare område. Me vil heller ikkje godta premiss om at alpinanlegg og hyttefelt vil gjera Tromsø meir attraktivt utan å få lagt fram skikkelege marknadsanalysar av den forventa bruken av anlegga.

I tillegg til å vera eit sårbart myrområde er området kring Finnheia ein viktig del av beiteområdet for tamreindrifta på Sør-Kvaløya. Etter vindkraftutbygginga ved Raudfjell- Kvitfjell er næringa sett under eit enno sterkare press. Området kring Finnheia er viktig både som trekkområde og som kalvingsområde. Det kan bli umogleg å drive med rein på Sør-Kvaløya om dette området blir hyttefelt.


Wilhelmsen-brødrenes Arctic Center splitter posisjonen

Et prosjekt hvor ordfører Gunnar Wilhelmsen har eierinteresser, splitter Ap og Sp på den ene siden og SV og MDG på den andre siden.


SV meiner det ikkje gjeng an at Tromsø kommune godkjenner å skvise samiske interesser på denne måten og øydelegg grunnlaget for ei berekraftig næring. Finnheia har, som namnet hintar til, fleire samiske kulturminne.

Som representant for storsamfunnet har Tromsø kommune eit ansvar for å ta vare på desse kulturminna i ein god dialog med det samiske miljøet. Per i dag er verken konflikten med reindrifta eller omsyna til kulturminna løyst i planane til Arctic Center. Dette tyder at saka ikkje blir avgjort av kommunestyret 29. april, men skal til mekling i regi av fylkesmannen og kan bli sendt til departementet for endeleg avgjersle.


Vil godkjenne reguleringsplanene for Arctic Center til tross for innsigelser

Politikerne i kommune- og byutviklingsutvalget (KoBy) bør godkjenne Arctic Centers planer for skianlegg og hyttelandsby i Håkøybotn og på Finnheia. Det selv om Sametinget og Mattilsynet har innsigelser mot planene.


Me lever i ei tid med utfordringar som me enno ikkje heilt veit korleis me skal løyse på ein god måte. For SV er det viktig å ha blikket festa på eit grønt skifte og mindre ulikskap. Det krev at både folkevalde og private næringsaktørar vågar å vera offensive og ikkje berre snakke om eit grønt skifte og samfunnsansvar, men gjera det.