Debatt:

Korfor aukar utsleppa i Tromsø

Pål Julius Skogholt (SV) svarer på hvorfor utslippene har økt i Tromsø de siste årene.

KVITEBJØRN VARME: Pål Julius Skogholt (SV) mener at den viktigste grunnen til økning i utslippene er søppelforbrenningen hos Kvitebjørn Varme.  Foto: Kvitebjørn Varme

meninger

iTromsø hadde onsdag eit oppslag om at utsleppa i Tromsø har auka kvart år dei siste åra. Det er sjølvsagt ikkje bra, men det finst gode forklaringar på korfor dette har skjedd.

Den aller viktigaste grunnen til at det skjer er at vi har fått eit søppelforbrenningsanlegg i kommunen. Utan dette anlegget ville utsleppa vore 30 000 tonn lågare, og vist ein nedgåande tendens. Den søpla som blir brent på dette anlegget vart før brent i Kiruna eller andre plassar. Utsleppa har med andre ord ikkje gått opp, dei er berre blitt flytta frå Sverige til Tromsø. Dei blir derfor ført på vår rekneskap, medan dei før vart ført på Kiruna sin rekneskap. Sannsynlegvis er dei totale utsleppa gått ned fordi det blir mindre transport av avfall på trailer.

Pål Julius Skogholt (SV)  Foto: Christer Pedersen

Kvitebjørn har søkt om ei dobling av sin konsesjon til å brenne avfall. Det er avfall som tidlegare har blitt brent andre stader. Det vil føre til at utsleppa i Tromsø kjem til å auke framover utan at dei totale utsleppa i verda vil auke.

Dette er tala frå miljødirektoratet for 2019 som er dei siste tala vi har:

Det vi ser av denne tabellen er at utan utsleppa frå Kvitebjørn Varme som ligg i sektoren Energiforsyning så ville vi vore under 2016-nivået i utslepp i Tromsø.

Det er fleire ting som er verd å ta med seg frå denne tabellen. Det første som er verd å merke seg er at sjøfart er største utsleppsektoren i Tromsø og at det er ein tydeleg vekst i den sektoren. Her er kommunen gjennom Tromsø Hamn og i samarbeid med Tromskraft i ferd med å sette i gang eit stort arbeid. Dei har laga selskapet Arctic Energy Port som skal legge til rettte for landstraum og og leveransar av energi for eksempel hydrogen til sjøfarten. Eg har god tru at dette arbeidet vil føre til ein kraftig nedgang i utsleppa frå denne sektoren. Arctic Energy Port har allereie fått Enova støtte på 16 millionar til dette arbeidet.

Eg synst og det er verd å merke seg at utsleppa frå vegtrafikken har gått kraftig ned. Det tyder på to ting. Det eine er at satsinga på buss, gange og sykkel har fungert og at satsinga på bilar utan lokale utslepp fungerer. Denne trenden vil halde fram og forsterkast når vi får Tenk Tromsø på plass. Det at fleire brukar alternativ til bilen er bra for alle. Det blir mindre bruk av knappe ressursar, betre luft i byen og betre folkehelse. Kudos til alle som har valt å bruke eit alternativ til bilen.

Sektoren «Annen mobil forbrenning» er i stor grad knytt til bygging, graving og den slags. Eg håper at grunnen til at utsleppa her går ned er fordi vi ser større bruk av elektrisitet eller fjernvarme til byggtørk og større grad av bruk av elektriske maskinar. Eg er dessverre redd for at det heller betyr ein nedgang i byggeverksemda i Tromsø i 2019. Dette er uansett ein sektor der kommunen jobbar aktivt for å få til fossilfrie byggeplassar. Det er eit arbeid som må forsterkast.