Koronapandemien endra mykje, og meir enn vi kunne tenkt oss. Mange arbeider heimanfrå, vi reiser nesten ikkje, held avstand, har lite sosial kontakt og har på med munnbind så snart vi skal nokon stad. Mange har reist verda rundt på møter og fagkonferansar, halde innlegg, fått nye impulsar og kunnskapar og ikkje minst stifta kjennskap og fått nye kollegaer. Men slikt var det ikkje høve til etter 12. mars i fjor, og det ser ikkje ut til å verte høve i år heller.

Men vi møtes på skjerm og held dermed kontakten, fagutvekslinga og kommunikasjonen på tvers av landegrensene. Allereie i slutten av mars i fjor klarte den internasjonale arktiske vitskapssamanslutninga å arrangere konferansen som skulle vore halden i Akureyri på skjerm. Det same gjorde vitskapskomiteen for Antarktis i august i fjor, i standen for eit stor arrangement i Hobart. Og utover hausten i fjor vart det møter, webinarer og konferansar i hopetal.

Ole Arve Misund, direktør i Norsk Polarinstitutt Foto: Malin Alette Hansen

Sidan 2007 har Arctic Frontiers vakse fram som den viktigaste møtestaden for utveksling av ny kunnskap og meiningar om utviklinga i nord og i Arktis her til lands. Tidleg i fjor haust var det klart at konferansen i år ikkje kunne gjennomførast fysisk, som vanleg. I standen for å avlyse eller utsetje til neste år, val styret å arrangere konferansen online. Arctic Frontiers hadde kanskje eit godt utgangspunkt for dette sidan grunnideen for konferansen er å invitere fagfolk, næringsaktørar og andre interesserte i utviklinga i Arktis hit til Tromsø for å presentere og fortelje kva dei kan, har funne ut eller meiner, heller enn at det er vi aktørane i Tromsø som dominerer. Samstundes er konferansen ein viktig arena for å formidle norske bodskap, interesser og posisjonar, slik det vert påpeika i nordområdemeldinga som kom i fjor haust.

Det skulle vise seg å vere eit rett val å arrangere konferansen på skjerm. Interessen for og deltakinga på konferansen i år var veldig god med meir enn 700 påmeldte. Men det er sikkert eit langt større publikum som har fylgt sendingane. Vi har sett fagfolk, politikarar og andre aktørar vere med frå Anchorage i Alaska, Jakutsk i Sibir og mange andre stader, i mange høve midt på natta, tidleg på morgonen eller seint på kvelden frå heimane sine under sendingane på direkten. Deltakarane kom frå 17 ulike tidssoner (av 24), det vart halde 180 faglege presentasjonar, cirka 50/50 menn og kvinner og eit betydeleg innslag av urfolk.

Den breie deltakinga tyder på at konferansen i år hadde eit enda meir internasjonalt preg enn om den vart halden fysisk i Tromsø. Det at konferansen vart halden på skjerm gjorde det truleg mogeleg for mange å delta, men som ikkje hadde hatt høve til å reise til Tromsø for å delta fysisk.

Reint fagleg femna Arctic Frontiers i år kanskje vidare enn tidlegare. Hovudtema om å bygje bruer for ei fredeleg og stabil utvikling av Arktis i ei tid med aukande spenningar engasjerte til ganske brei deltaking og mange gode innlegg og diskusjonar i plenumssesjonane. Mykje ny kunnskap vart presentert i dei vitskapelege sesjonane som femna frå medisin (helse og sosiale skilnader), etnologi (kven fortel de arktiske historiene?), og naturvitskap (kopla arktiske system, betre prediksjonsevne). Det var også engasjerte seksjonar knyta til forvaltning (verdisetjing av digitale hav) og næringsliv (små og mellomstore bedrifter). Det heile vart avslutta med en god diskusjon om utviklinga i Arktis med statsministrane frå fire nordiske land.

Likevel, den sosiale dimensjonen manglar. Ein trefte ikkje gamle kjente, vart helle ikkje kjent med nye, og småpraten, refleksjonane og meiningsutvekslingane i pausane og under måltida var ikkje der. Så eg ser verkeleg fram til fortsetjinga i Tromsø neste vinter. Men då truleg i eit hybrid-format der konferansen føregjeng i salen for dei frammøtte, men samstundes vert overført via skjerm for dei som vil følgje med eller medverke utanfrå. Arctic Frontiers har i alle fall vist seg å være eit vidgjete arrangement om utviklinga i Arktisk som har brei oppslutning og som det er interesse for å delta på, langt ut over Tromsø. Det er all grunn til å bygge vidare på det gode renomé som konferansen har fått, og samtidig utvikle arrangementet vidare fagleg og teknisk slik at det vert givande å kome til Tromsø for å delta, men også høve til å følgje med og medverke utanfrå.