Det er ein menneskerett å ha ein bustad, og for dei fleste av oss er det å eige bustaden vår viktig for privatøkonomien og ei kjensle av tryggleik og tilhøyrsle.

Den vanskelege bustadsituasjonen i Tromsø har fleire sider ved seg, og krev derfor at ein brukar ulike verktøy. For SV er Leige til eige-ordningar nettopp eit av fleire verktøy for å hjelpe fleire til å kunne eige eigen bustad – men dette verktøyet er ikkje eit mål i seg sjølv. SV har fremja bruk av Leige til eige i alle fall det siste tiåret, så akkurat det burde ikkje koma overraskande på KrF.

I 2016 i saka om bustadpolitisk handlingsplan fremja SV, AP og Raudt mellom anna forslaget «Det utredes et prosjekt for «leie til eie», der leietakere skal gis mulighet til å kjøpe sin kommunale leilighet. Det understrekes at dette ikke må føre til at den samlede kommunale utleieporteføljen reduseres.» Dette forslaget stilte eit samrøystet kommunestyre seg bak. Det er derfor underleg at KrFs Helga Marie Bjerke kan hevde at SV røysta mot dette i 2016. Det må ligge eit snev av politisk hukommelsessvikt bak ei slik utsegn.

Og Tromsø kommune driv jo faktisk på med Leige til eige i regi av boligkontoret. Det har vore ein del av tiltaka på boligkontoret i alle fall sidan 2013. I dag er ordninga retta mot ulike vanskelegstilte grupper, der låg inntekt er ein nøkkelkriterium for å få hjelp. Eg er ikkje i tvil om at dette er rett prioritering frå kommunen si side. Samstundes er det openbart for meg at det etter kvart ikkje er berre folk med låg inntekt som har nytte av Leige til eige-ordningar.

For at Tromsø kommune skal kunne utvide Leige til eige-ordningar i eigen regi, er det ein del andre ting som må vera på plass fyrst. I ei betre verd, der me mellom anna hadde hatt ei regjering som la til rette for betre kommuneøkonomi, kunne Tromsø kommune teke i bruk fleire verktøy samtidig.

Eg meiner det er rett at Tromsø kommune no og i dei fyrste par åra prioriterer tid og økonomi på å bygge omsorgsbustadar og prioritere hjelp til folk med låg inntekt, i tråd med det kommunestyret mellom anna vedtok i Utbyggingsprogrammet og i Behovsplan for bygg og boliger til helse og omsorg 2020-2030. Men, som eg sa i saka iTromsø publiserte 28.2, så håpar eg me er i ein betre situasjon om ein fem-seks år, og då kan utvide dei boligsosiale tiltaka.

Likevel er det viktig å understreke at det ikkje berre er det offentlege gjennom Tromsø kommune som kan lage Leige til eige-ordningar. Private utbyggarar og bustadbyggelag stend fritt til å gjere dette i sine prosjekt, og me er absolutt interessert i innspel frå utbyggarar om kva kommunen kan gjera for at slike ordningar blir ein realitet i private utbyggingsprosjekt.

Om KrF, andre parti, andre personar eller organisasjonar har gode forslag til løysingar og ordningar for ein meir sosial bustadpolitikk, er eg meir enn gjerne med på å diskutere slike innspel.