I formannskapet tirsdag vedtok vi ei ny støtteordning til næringslivet i Tromsø, spesielt retta mot bedrifter innafor servering, reiseliv og kultur. Bedrifter i desse næringane kan no søke på driftsstøtte på 80 000 kroner. Det er kanskje ikkje nok, men det er eit viktig bidrag.

Det skal ikkje så mykje til for å skuffe Erlend Svardal Bøe forstår eg frå oppslag i iTromsø. Eg er forundra over at han blir skuffa over at vi ikkje vil bruke meir kommunale pengar utan å vite kva vi eventuelt må prioritere vekk. Tromsø kommune har behov for å bruke meir pengar både på helse og skole. Fastlegeordninga, barnevernet og sjukeheimar er stikkord som Bøe burde vere kjent med.

I formannskapet tirsdag foreslo Bøe at vi skulle bruke sju millionar ekstra i tillegg til dei sju vi bevilga utan å ane konsekvensane av det han foreslo. Eg er samd med at det hadde vore bra om kommunen kunne brukt meir enn dei sju millionane vi har fått frå staten til å hjelpe det lokale næringslivet. Det kan det og hende at vi skal gjere, men vi kan ikkje gjere det før vi kan sjå det i samanheng med dei andre behova vi har i kommunen.

Derfor var eg på vegne av SV heilt klar. Det er godt mogleg at vi vil prioritere pengar til å hjelpe næringslivet, men vi må gjere det i ein samanheng der vi veit kva vi eventuelt vel bort. Det rette tidspunktet for å gjere det vil vere i mai når vi skal behandle økonomirapport 1. Der vil vi få prognosar både for skatteinntektene og kva vi vil trenge til helse, skole og andre ting i løpet av året. Då kan vi gjere ei reell prioritering mellom desse områda.

Eg er svært forundra, ja kanskje til og med skuffa over at Bøe ikkje ønsker å sjå denne heilskapen. Det er eit reelt behov for å bidra til reiselivet i Tromsø. Men det er mange andre store og reelle behov. Eg hadde håpa at Høgre som liker å omtale seg sjølv som eit ansvarleg parti skulle sjå dette.

I formannskapet disponerte vi sju millionar til næringslivet. Bedrifter innan reiseliv kan no søke om driftsstøtte. Det er bra. Så vil vi vurdere ytterlegare støtte til bedrifter opp mot dei andre behova vi har i tromsøsamfunnet når vi kan sjå heilskapen. Det skal vi gjere i økonomirapport 1 i mai.