Debatt:

La barna høyre dialekt!

Barn må få høre ulike dialekter, uten dialektfordommer gjennom karakterer på TV, mener innleggsforfatteren.

DIALEKT: Barn skifter ofte dialekt når de leker, og hermer etter dialekter de for eksempel har sett på TV.  Foto: Gorm Kallestad / NTB

meninger

Det er eit kjent fenomen at ungar skiftar dialekt når dei leikar, og hermar etter dialektene dei ser på TV. Dette er berre nok eit døme på at ungar har eit godt språkøyre, og dei tileignar seg raskt forskjellige språk og dialekter. For at ungane skal få utnytte dette høvet fullt ut, er det viktig at dei får høyre eit mangfald av dialekter.

Da blir dei nemleg både tryggare i si eiga dialekt og får ei betre forståing av dei andre norske dialektene. For å sikre dette krev Norsk Målungdom at TV laga for barn viser fram eit breitt spekter av dialekter, og at dette dialektmangfaldet også kjem fram når utanlandske produksjonar blir dubba.

Frida Pernille Mikkelsen, leiar i Norsk Målungdom  Foto: Rebekka Hovland / Norsk Målungdom

Media er med på å forme haldningane våre til forskjellige dialekter. Det er derfor uheldig om barne-TV bygger opp under dialektfordommar, til dømes om alle med trønderdialekt er klovnete karakterar, medan aggressive karakterar får nordlandsdialekt.

Ved å vise eit mangfald av dialekter som høyrer til mange forskjellige figurar, kan ein bidra med å hindre fordommar og stereotypiskapingar om dialekt. Dersom ein frå ein ung alder får høyre eit breitt spekter av dialekter, vil alle dialektene i Noreg opplevast som ein like viktig del av det norske språket, og alle dialektene som like gode og like mykje verdt.

Dei norske dialektene betyr mykje for folka som nyttar dei, for den norske kulturen og for korleis vi kommuniserer saman. Slik vil vi at det skal vere i framtida også, og derfor krev vi at barne-TV syner fram mangfaldet av dialekter og dialektbrukarar!