iTromsø klarer å koma med påstandar i leiarartikkelen «Meningsløs reversering av domstolreformen» som eg berre må kommentere. Avisa meiner at alle samanslåtte tingrettar må få halde fram slik, sjølv om motstanden mot samanslåing var massiv frå mange fagmiljø før reforma vart gjennomført denne våren.

«De rødgrønnes behov for å markere motstand mot en sentralisering av tingrettene fremstår som meningsløs både i et faglig perspektiv og med tanke på ressursbruk», skriv iTromsø. Det verdt å minne om at Domstolkommisjonen ikkje klarte å avdekke nokon samanheng mellom storleik på domstolane og kvalitet. Då er det imponerande at iTromsø påstår dette med god sjølvtillit.

Utifrå argumentasjonen til iTromsø, med at samanslåtte einingar fører til betre faglegheit, må det vera ein journalistfagleg genistrek å slå saman iTromsø og Nordlys.

Jenny Klinge, stortingsrepresentant, Senterpartiet Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet

Eg oppmodar iTromsø om å bruke den journalistfaglege integriteten sin til å underbygge påstandane sine med fakta. Dei bør forklare kvifor det var dårlegare rettsavgjerder i tingrettane i Senja og i Tromsø enn det er i dagens samanslåtte Nord-Troms og Senja tingrett, som enn så lenge har rettslokale på begge stader framleis.

Avisa bør også forklare kvifor det no er betre for rettsstaden i Senja å sleppe å ha ein leiar til stades til dagleg, slik dei hadde før reforma i vår. (Då i form av ein sorenskrivar som både var dagleg leiar og dommar, ei fleksibel og rasjonell ordning som sikrar stadleg leiing).

iTromsø bør gå gjennom høyringssvara til domstolreforma for å sjå det store spriket som var i faglege råd. Dei bør legge merke til dei mange stemmene som argumenterte sterkt mot sentralisering; sorenskrivarar, andre domstoltilsette og advokatmiljø. Er ikkje alle desse fagleg sterke nok for iTromsø til at dei kan stole på dei? iTromsø bør dessutan reflektere over kvifor det omtrent ikkje finst sprik i dei «faglege råda» frå sorenskrivarane i dag.

Faktum er at nesten ingen motstandarar mot sentralisering av domstolane fekk halde fram i leiarfunksjonar. Kvifor? Vi kan også reflektere over kvifor majoriteten av sakene i den store trygdeskandalen var basert på avgjerder som hovudsakleg vart gjort i dei største tingrettane.

Sjølvsagt har dei fleste motstandarane mot domstolreforma – dei som no ønskjer ei reversering – sitte stille i båten i påvente av å få vita om reforma blir reversert eller ikkje. Og sjølvsagt gjer Domstoladministrasjonen (DA), Dommarforeininga, og sentraliseringsvenlege sorenskrivarar ein innsats for å fortelle media og oss politikarar at reforma må få vera i fred. DA kjem til og med meiningslause reknestykke om ressursbruk både i form av tid og pengar for å underbygge dette.

Eg hadde forventa at iTromsø ikkje gjekk på slikt så lett, men kanskje det løyser seg dersom dei lar seg bli samanslått?